Til toppen

Bussen skal vere effektiv for flest mogleg

Leserinnlegg av Jesper Wiig, seksjonsleiar drift, FRAM / Møre og Romsdal fylkeskommune.

FRAM set pris på tilbakemeldingar for å gjere tilbodet betre. Det er likevel slik at om folk skal bruke bussen framfor bilen er det naudsynt med  tilpassingar som reduserer tidsbruken og som gir best tilbod til flest mogleg, skriv Jesper Wiig, seksjonsleiar drift, FRAM / Møre og Romsdal fylkeskommune

Dersom innbyggarane skal bruke buss framfor privatbil, må vi legge til rette for effektive og pålitelege ruter. Og det er nettopp dette FRAM har gjort når vi har endra busstilbodet på Hessa; reisetida er kutta med inntil ni minutt frå Slinningen til Ålesund sentrum

Endringa i busstrasé har skjedd i samband med prosjektet Bypakke Ålesund som skal legge til rette for auka bruk av kollektiv transport.

Det kom fram i ei undersøking i 2018 at bebuarar på Hessa ikkje valde bussen fordi den tok lang tid. Svara frå publikum var altså at bussen ikkje var effektiv nok samanlikna med privatbilen.

Slepp å vente

Endringa gjer at bussen slepp å vente på klokka ved Skarbøvik ungdomsskole, og sparar inntil 9 minutt frå Slinningen til Ålesund sentrum. På den nye ruta er Slinningen eit endestopp. Der bussen før køyrde i ringrute langs Hessavegen og Kaptein Linges veg, går den no kun langs Hessavegen på sørsida i bydelen. Det inneber at ingen passasjerar treng å vente i bussen på endestoppet Slinningen.

Busstraséen ligg der det bur flest folk, og der det er flest passasjerar. I 2019 hadde haldeplassen Hessamat langs Hessavegen 5887 påstigingar. På haldeplassen Olsvikskaret på nordsida i Kaptein Linges veg var det 2289 påstigingar i løpet av heile året. Det er 193 meter mellom desse to haldeplassane, men for nokon vil det vere ei ulempe. Det er beklageleg for dei som opplever at tilbodet vert dårlegare som følgje av endringa.

Dei som brukte stoppestaden Lillevika får lengst veg etter omlegginga. I 2019 var det 108 påstigande passasjerar her.
Dei nesten 6000 passasjerane som går på ved Hessamat får likevel eit betre tilbod med vesentleg kortare reisetid til sentrum, og meir føreseielege reisetider. Det er framleis under 400 meter og om lag 5 minutt til fots til nærmaste haldeplass også for dei som bur lengst unna den nye traséen.

Det er fleire stader langs byrutene i Ålesund det er gjort liknande tilpassingar, som til dømes på Myrland. Her er det også endestopp kor bussen kan vente for å justere tida til dei oppsette rutene. Det jobbast med tilpassingar for å korte ned reisetida fleire stader langs vegen.

FRAM set pris på tilbakemeldingar for å gjere tilbodet betre. Det er likevel slik at om folk skal bruke bussen framfor bilen er det naudsynt med  tilpassingar som reduserer tidsbruken og som gir best tilbod til flest mogleg.