
Er naboen min den nye tryggleikstrusselen, Frp?
Framstegspartiet vil no nekte utanlandske statsborgarar å stille til val ved norske lokalval. Begrunninga er omsynet til tryggleik og frykt for utanlandsk påverknad. Då må eg stille eit enkelt spørsmål: Kven er det Frp eigentleg meiner utgjer ein tryggleiksrisiko? - skriver Christian Holstad Lilleng, gruppeleder i Haram Venstre, i denne meningsytringen.

Er det den polske naboen min som har budd i Haram i 13 år, betalar skatt, har ungane sine i den lokale skulen og trener fotballaget på fritida? Er det den rumenske sjukepleiaren som held helsevesenet vårt i gang? Er det den spanske elektrikaren som sørgjer for at straumen fungerer, eller den litauiske ingeniøren på verftet som er med og skaper verdiane kommunen vår lever av?
Eg slit med å sjå den store trusselen.
I Haram har mellom 12 og 14 prosent av innbyggjarane innvandrarbakgrunn. Dei er kollegaene våre, naboane våre, foreldre i FAU, trenarar i idrettslaga, frivillige i korps og idrettslag og ein naturleg del av lokalsamfunnet vårt. Dei betaler skatt, følgjer norske lover og er med på å byggje Haram – kvar einaste dag.
Likevel meiner Frp at mange av dei ikkje skal kunne vere med og styre kommunen dei bur i. Kven skal då representere denne delen av innbyggjarane våre?
Demokrati handlar ikkje berre om å stemme. Det handlar òg om at dei som bur i eit lokalsamfunn, kan engasjere seg, ta ansvar og stille til val. Når Frp vil stengje døra for ei stor gruppe menneske som lever liva sine her, svekkjer dei ikkje berre desse menneska – dei svekkjer lokaldemokratiet.
Vi trong ikkje reise langt for å finne eit godt døme. Venstre stilte ved førre lokalval med Pawel Olejnik på lista. Då veljarane gav oss tillit, var han framleis polsk statsborgar. Han sat faktisk i kommunestyret i Haram før han fekk norsk statsborgarskap hausten 2024. Etter Frp sitt forslag skulle ein folkevald som allereie hadde fått tillit frå veljarane i Haram, aldri ha fått høve til å stille til val.
For dei som har møtt Pawel i kommunestyret, er det vanskeleg å sjå kva slags tryggleiksrisiko Frp meiner han utgjorde. Tvert imot har han vist seg å vere ein kunnskapsrik, engasjert og konstruktiv representant som har arbeidd for det beste for Haram.
Eg trur dei aller fleste innbyggjarane er opptekne av om dei folkevalde gjer ein god jobb – ikkje kva pass dei hadde den dagen vallista vart levert.
Men dersom Frp verkeleg meiner at utanlandske statsborgarar er ein tryggleiksrisiko, kvifor stoppar dei ved kommunestyresalen?
Skal dei òg nekte utanlandske statsborgarar å vere kommunedirektør? Rektor? Barnehagestyrar? Leiar for vatn og avløp? Beredskapsleiar? IKT-sjef med ansvar for kommunen sine datasystem? Økonomisjef? Desse stillingane har ofte langt større tilgang til sensitiv informasjon og mykje større innverknad på den daglege drifta av kommunen enn eit kommunestyremedlem har.
Eller gjeld mistilliten berre når innbyggjarane sjølve ønskjer å gi nokon si tillit gjennom frie val?
Eg ønskjer eit Haram der vi vurderer menneske etter innsats, engasjement og vilje til å bidra – ikkje etter kva statsborgarskap dei hadde då dei stilte til val.
Dei fleste av oss har naboar, kollegaer eller venner som ein gong kom til Noreg frå eit anna land. Dei har valt å byggje livet sitt her. Dei arbeider, betaler skatt, oppdrar barna sine og tek ansvar i lokalsamfunnet. Nokre ønskjer også å ta politisk ansvar.
Eg synest ikkje det er dei som utgjer den største trusselen mot lokaldemokratiet.
Den største trusselen er politikarar som meiner at nokre av naboane våre er gode nok til å byggje kommunen, men ikkje gode nok til å vere med og styre han.