
Reisa til et bedre liv
- Om vi evner å sjå reiser som meir enn eit produkt, kan dei bidra til haldningar og handlingar som gjer oss til bedre menneske, skriver administrerende direktør ved Atlanterhavsparken i Ålesund i denne meiningsytringa.

Turisten står på Aksla og ser den berømte utsikta til Ålesund frå Instagram, Google og Tripadvisor, men no heilt på ekte. På gateplan tek ho eit bilete av jugendfasadane. Han et fiskesuppe om bord i ein av båtane som bringer folk innover i fjordane. Familien ler på likt når oteren tergar artsfrendane i Atlanterhavsparken. Så går dei vidare.
Dagen etter er ho, han og dei borte. Men noko blir att.
Reiselivet er ei av få næringar der vi tener pengar utan å måtte sende produktet ut av landet. Enkeltpersonar, organisasjonar, kommune, fylke og stat, får inntekter som sikrar gode liv. Noko slitasje blir det, men i hovudsak står naturen, gjestfridomen og kulturlandskap som den reisande kjem for å oppleve igjen og kan brukast på nytt, medan andre typar verdiar blir med dei heim. Det siste er viktigare enn ein kanskje tenker over.
K u n n s k a p s e k s p o r t
Som leiar av Atlanterhavsparken er eg ikkje i tvil om at dei reisande legg grunnlaget for formålsoppnåinga til vår stifting: Å lære bort kunnskap om livet i havet. Ein attraksjon med opplæringspotensial.
Dei mest forureinande elvane og hamnene på jordkloda, ligg ikkje på Sunnmøre eller i Norge eller Norden. Dei finn ein andre stader. Vona er at indaren, brasilianaren eller kinesaren som besøker oss tek med seg kunnskapen tilbake og gjer sitt for å bedre situasjonen for oss alle.
«Verda er ei bok og dei som ikkje reiser, les berre ei side». Dette sitatet vert gjerne tilskrive Sankt Augustin som levde for 1700 år sidan, men det står seg godt framleis.
“Vi har alle noko å lære bort eller ta til oss”.
Tidligare i sommar fann eg vegen til ei gresk øy og tok med draumen om endring tilbake: Eit liv med mat laga frå grunnen, større nærleik til familie og vener, bevegelse, men indre ro. Eg har mykje å lære av grekarar og grekarane har litt å lære av oss.
Sjøen utanfor Molyvos hadde hatt godt av å bli tatt bedre vare på av dei som bur der. Havbotnen utanfor Giske har så endelig mykje meir liv enn den øya i Egeerhavet. Men det veit dei ikkje før dei ser det.

F o r s t å e l s e
Atlanterhavsparken og alle andre som møter dei reisande hit gir folk utanfrå innsikt i at livet kan romme meir enn vår eiga gate, land eller kommentarfelt.
Når menneske reiser, skjer nettopp det. Mi utdannelse er frå universitetet. Men mi dannelse kjem frå mobilitet inn og ut av familia eg vaks opp i, gjennom vener og erfaringar heime og ute. Slik er det for oss alle.
Ein amerikanar lærer om verdien av friluftsliv gjennom fotturar i Tafjordfjella. Ein innlandstyskar forstår kva havet betyr etter eit besøk på Runde. Lokalreisande står side om side med turistar frå Portugal og ser på torsk i ein tank på Atlanterhavsparken, og forstår plutseleg at vi deler mattradisjonar, historie og identitet på tvers av geografi og tid.
Alle lærer litt. Ingen taper. Ingenting av læringa blir brukt opp eller tek slutt. Kunnskap er ein ressurs som aukar jo meir den delast.
Det er kanskje derfor autoritære regime alltid har vore skeptiske til fri flyt av menneske, kunnskap og idear. Reiser gjer oss litt mindre redde for kvarandre. Litt meir nysgjerrige. Litt meir opne.
U t f o r d r i n g a r
Jada, turisme har sine eigne utfordringar som kan plage planeten og irritere innbyggaren. Men det kjem seg, fortel historia. Ein kan bevege seg stadig lengre, med stadig mindre utslepp per reiste mil og meter. Eit nettsøk fortel meg at forbrenningsmotoren kan flytte folk 3-4 gongar så langt per liter som for femti år sidan. Rein magasinstraum frå norske vassdrag, kan flytte ein batteribil frå Ålesund eller Ørsta til Oslo. Det var utenkeleg for berre få år sidan.
Regulering og marknadsmekanismer fungerer. I Geirangerfjorden har ein i nokre år kunne velge båttransport med heilelektrisk framdrift, heller enn bråk i to eller fire takter. Ei stillare oppleving av naturen, med betre samvit på kjøpet.
Cruisenæringa har fått tyn tidlegare, også frå meg, men med nyare skip med dieselelektrisk framdrift, i kombinasjon med naturgass og landstraum så blir regnestykket stadig bedre der også. Vel ein å sjå cruiseskip som kollektivtransport på kjøl, så ser ein kanskje denne transportforma annleis?
Havnevesenet i Ålesund håndterer enorme mengder med turistar på sjøen på ein fantastisk måte i forhold til for eksempel havnene langs Amalfikysten, der dei har femti år forsprang med turisme. Er det heilt umogleg å få tilbod om ein toalettring i Sør-Italia forresten?
Etter mine erfaringar held havnedrift, parkeringsplassar, hotellrom, campingplassar og private husvære eit langt høgare nivå her heime enn nokon annan stad. Det er lett og trygt å bevege seg rundt for folk i alle aldrar og fysiske føresetnader og dei fastbuande er venlege og språkmektige.
E i b e d r e v e r d
Destinasjonsselskapet, Ålesund kommune, havnevesenet, fylket, reiselivsbedrifter, Bypatrioten, Sentrumsforeninga og mange fleire har jobba særs for å få folk til å besøke oss.
Vi kan sjølvsagt bli bedre her oppe før og etter den 62. breddegrad, men det er allereie godt. Næringsdrivande og innbyggarar likar i all hovudssak besøket. Dei reisande stortrivast, gir oss god omtale, kjem tilbake og tek altså med seg haldningar vi er gode på til sitt heimland.
På sitt beste kan reiseliv bli ein demokratisk møteplass og eksporthavn av verdiar som tillit, åpenheit og menneskerettar. Forståelse veg ingenting i kofferten, men eksisterer og betyr noko lenge etter at taxfree-varene er drukke opp.
– Og forståelse kan skape ei bedre verd!
Kjetil Aarseth
Administrerende direktør
Atlanterhavsparken