Frå skog til skute på svensk – med STEMT
Blandakoret STEMT ønsker velkomen til konsert på Ishavsmuseet Aarvak på Brandal. STEMT inviterer denne gongen inn i den svenske midtsommarens grøne skog og ut på det blåe hav, med fokus på svensk folkemusikk og viser i gode korarrangement. Med seg har dei felespelar Leiv Erik Nydal, samt Robert Løkketangen på gitar og Øyvind Espe på kontrabass.
Blandakoret STEMT, med base i Ørsta og Volda, markerte 10 år hausten 2025. Det er eit kor i stadig utvikling, med stabile, røynde songarar og kvalitetsbevisst jobbing mot nye mål. Med sin dyktige dirigent Siv Kristin Aurdal i spissen, har koret hausta mange lovord dei siste åra. Særleg for sin særeigne klang og uttrykk.
Billettar seljast på Tikkio og i døra.
- Billett: https://tikkio.com/events/63633?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender
- Dører åpner: 17:00
- Aldersgrense: Ingen
-
Pris:
Vaksne: 300,-
Ungdom/student/honnør: 250,-
Barn under 12 gratis