På scena står to solistar som til saman innehar heile spennet. Ålesund-fødde Birgitte Velsvik er like heime i opera som i musikal og soul. Ho har mastergrad i opera frå Mariinsky-akademiet i St. Petersburg, har tolka store operaroller og hatt sentrale roller i nokre av dei største musikalproduksjonane i landet. I år har vi hatt gleda av å følgje henne heilt til semifinalen i The Voice.
Det krevst ein artist av eit visst format for å hylla ein som Freddie Mercury. Knut Marius Djupvik, «Noregs ultimate entertainer» rører seg like uanstrengt mellom det vare og nære, kraftfulle arier, rock og pop. Det er det same spennet som gjorde Mercury til ein av tidenes største vokalistar. Knut Marius gjorde ein lignande konsert for ein utseld Peer Gynt-sal i Grieghallen nyleg.
Saman med Sjøforsvarets musikkorps, eitt av dei fremste profesjonelle blåseensembla i landet, under leiing av Rune Bergmann, ligg alt til rette for ein storslagen kveld. Dette er i tillegg Rune sin siste konsert som kunstnarisk leiar for Fjord Cadenza, så dette vert ein historisk kveld du ikkje vil gå glipp av.