Anders Heger: Wanda. En familiehistorie
Då ho var 21 år gammal, vart Wanda Heger og familien hennar sivilinternerte i Tyskland. Dei hamna på eit slott ikkje langt frå konsentrasjonsleiren Sachsenhausen. Driven berre av eit ønskje om å hjelpe, tok Wanda med seg nokre norgesglas med kokte poteter, gjekk opp til leirporten, banka på og bad om å få levere dei til fangane.
Denne i og for seg uskuldege handlinga skulle bli starten på ei lang og dramatisk rekkje av hendingar som kulminerte i ein av dei mest fascinerande redningsaksjonane under andre verdskrigen: dei kvite bussane, som redda over 15 000 fangar i sluttfasen av krigen. Historia rommar òg ei svært spesiell og i utgangspunktet utenkjeleg kjærleikshistorie.
Forteljinga har historiske, politiske og mellommenneskelege sider som strekkjer seg heilt inn i den nazistiske toppleiinga, dei norske, svenske og danske regjeringane, det internasjonale Røde Kors og ei lang rekkje internasjonale aktørar. For Wanda og Bjørn Heger (foreldra til forfattaren) og dei sivilinternerte i Berlin var det likevel den nære kontakten med fangane – det illegale og svært farlege samarbeidet på bakkenivå – som stod i sentrum.
Vi møter Anders Heger i samtale med bibliotekar Sigurd Bjørnstad Syversen.
Arrangementet er støtta av Kulturrådet.
Gratis og ope for alle!