Av: Linda Flem, daglig leiar i DNT Sunnmøre
Januar er her, og over heile landet blir julepynten pakka ned. Samtidig som mange legg ei jul med familiemiddagar og vennekos bak seg, veit vi òg at det er fleire som er glade for at jula no er over. Høgtidene er ei lupe både for det som er godt og mindre godt i liva våre.
For medan mange av oss har det veldig bra, veit vi òg at ein av fem nordmenn kjenner seg åleine, og at det å vere einsam er like skadeleg som å røyke jamleg.
Heldigvis veit vi òg kva som er den beste medisinen mot einsemd: fellesskap og møteplassar. Det å vere ein del av ein gjeng og ha ein arena der ein kan kome i kontakt med menneske ein elles ikkje ville blitt kjend med.
2025 er Friluftslivets år, og vi i friluftslivsorganisasjonane står klare til å få endå fleire med ut – og inn i fellesskapa våre. Vi veit at naturen er ein fantastisk stad for menneskemøte, der det både er rom for dei gode samtalane, så vel som å vere saman i stillheit.
Gjennom året vil vi at endå fleire skal få kjenne på fellesskap i, og med naturen. Her på Sunnmøre er vi så heldige å ha kort veg til både fjord, fjell, skog og kyst, og det vil vi at fleire skal få oppleve – saman med andre. Difor vil vi bruke Friluftslivets år til å arrangere endå fleire turar og aktivitetar – og vi håpar at du som les dette har lyst til å invitere med nokon du ikkje har sett på ei stund. Eller kanskje bli frivillig!
På Sunnmøre kan du blant anna vere med på tysdagsklatring i Ålesund, Ørsta og Volda. Onsdagshangouts i naustet vårt på Nørvasundet. Korte og lange fellesturar til fots, på ski og i kajakk. Turverkstad for barn og besteforeldre, og ein rekke ulike kurs — blant anna innanfor skred, kiting, vintertelting og turledelse. I løpet av året planleggar vi også mange spennande foredrag med kjente og ukjente.
Allereie laurdag 18. januar invitera vi heile Sunnmøre til «Heile Noreg båler» på Kom deg ut-dagen. Saman med Sunnmøre Friluftsråd har vi stelt i stand fleire titals «Hele Noreg Bålar»-arrangement i distriktet. Du finn alle arrangementa på Facebook eller i aktivitetskalenderen vår på dnt.no. Moglegheitene er mange!
Det blir bålmat, samhald, natursti og leik, for å nemne noko. Og alle – heilt uavhengig av om du har gått mykje eller lite på tur før – er hjarteleg velkomne. Uavhengig av om du er blant dei som no er glade for at jula er over, eller allereie har begynt å glede deg til desember 2025: Vi håpar du vil bli med på feiringa.
Rundt våre bål er det alltid plass til ein til!