Ålesund Kulturskole: Sanger fra Hakkebakkeskogen
«SANGER FRA HAKKEBAKKESKOGEN» er ein familiekonsert for «barn i alle aldrar». Historia om dyra i Hakkebakkeskogen er velkjend for dei fleste, som har vakse opp med Torbjørn Egner og visetekstane hans. Hovudfigurane i denne forteljinga er dyra som representerer dei ulike mennesketypane. Hakkebakkeskogen kan tolkast som ei menneskeverd i miniatyr.