Til toppen

Perleskum

Leiken musikk til Vinjes evigunge ord
I bandet Perleskum står felespelar og komponist Jorun Marie Kvernberg i front.
Den friske og leikande folkesongen til Unni Boksasp ledar an, medan tubavirtuosen Lars Andreas Haug tek seg av både botn og nye høgder. Pianist Dag-Filip Roaldsnes loddar djupet på svarte og kvite, og Jorun Marie Kvernberg jagar opp og fram med boge og streng.
I eit mangekolorert kryssingsfelt mellom folkemusikk, vise og jazz leikar Perleskum seg med Aasmund Olavsson Vinje (1818-1870) sine dikt. I eit fantasifullt tonespråk gir kvartetten ny forståing av dei gamle orda om kjærleik, lengt og frustrasjon, om kunsten, sorga og gleda.
Jorun Marie Kvernberg sine komposisjonar har i seg ei reise frå det tradisjonelle og inn i samtida. Landskapet er forfriskande og utøvarane frå folkemusikken og jazzen smeltar overraskande naturleg i hop i ein miks der dei alle likevel er seg sjølve fullt ut.
Våren 2023 kjem kvartetten med mykje nytt repertoar, signert Jorun Marie Kvernberg.

Dato

30 apr 2023
Utløpt!

Tid

19.00 - 20.00

Sted 2

Parken kulturhus
Parkgata 3B, 6003 Ålesund
Kategori

Arrangør

Parken kulturhus
Telefon
70162468
E-post
billett@alesund.kommune.no
Nettsted
Parken Kulturhus
QR-kode