Intim førjulskonsert med Mockingbirds og Vokalgruppa Flyt
Intimt, samstemt og «ro i sjela» stemning. Torsdag 7.desember kan du ta deg ein avstikkar frå julegåvehandling, og gå innom dei røffe lokala ved E3 (Einarvikgata 3 i Ålesund) for ein minikonsert. Det er Mockingbirds og Vokalgruppa Flyt som inviterer til førjulskonsert, med kjente og ukjente songar i acapella versjon.