Som profesjonell kunstnar har eg nesten mista tilliten til Ålesund kommune
Som profesjonell kunstnar har eg budd og arbeidd i Ålesund i 20 år. No opplever eg at det profesjonelle kunstfeltet i Ålesund blir knebla utan at nokon ser det. Dette er ikkje noko nytt. Det har gått føre seg over fleire år, skriv Karin Augusta Nogva som ber politikerne i posisjonen om å slutte å overstyre grundig arbeid som er gjort av både fagfolk og administrasjon.
Som profesjonell kunstnar har eg budd og arbeidd i Ålesund i 20 år. No opplever eg at det profesjonelle kunstfeltet i Ålesund blir knebla utan at nokon ser det. Dette er ikkje noko nytt. Det har gått føre seg over fleire år.
For meg handlar diskusjonen om kulturplanen derfor om noko langt større enn sjølve planen. Nemleg kva slags kulturkommune skal Ålesund vere?
Skal vi vere ein kommune som bestiller kunst og kultur når vi ønskjer det, eller ein kommune som også legg til rette for at profesjonelle kunstnarar kan bu, arbeide og skape her?
Skal ein ha eit levande profesjonelt kunstfelt, må ein også byggje og ta vare på miljøa, kompetansen og infrastrukturen som gjer det mogleg. Det er i dette perspektivet eg ser prosessen rundt den nye kulturplanen, ein prosess som har vore utmattande for heile det profesjonelle feltet.
Endeleg kulturplan i Ålesund?
Prosessen med å lage ein kulturplan starta i 2021, då Arbeidarpartiet sat i leiinga. Administrasjonen inviterte til og gjennomførte PULS-samlingar over to år, der heile blei heile felte samla for å kome med innspel.
Så kom det politisk leiarskifte i 2023, då Høgre, Frp og Ålesundlista tok over. Då blei arbeidet forkasta, og administrasjonen fekk beskjed om å starte på nytt.
Fagfeltet blei på nytt invitert til ein ny runde med innspel over to år, frå 2023 til 2025. Men då planen endeleg skulle vedtakast i kommunestyret før sommaren, valde posisjonen å forkaste planen for sjølve å skrive ein betre plan i løpet av sommaren.
Kvar er tilliten til fagfeltet innan kunst og kultur? Kvar er tilliten til administrasjonen og kommunen sitt eige utval?
Som profesjonell kunstnar har eg nesten heilt mista tilliten til samarbeidet med Ålesund kommune. Det handlar ikkje om administrasjonen, men om måten politikarane i posisjonen overstyrer arbeidet som er gjort.
Posisjonen som sit i dag, gjekk til val på motstand mot trebenkane, kunstprosjektet i byrom i Ålesund, med bodskapen om at «at velger dokke oss får dokke ikkje dette» I valkampen blei pengebruk på kunst sett opp mot mellom anna sjukeheimsplassar. Slik blei kunsten, etter mi meining, gjort til ein motsetnad til grunnleggjande velferdstenester.
Det blei eit brakval og, slik eg ser det, eit løfte vi kunstnarar framleis må leve med konsekvensane av. Pengane til byromsprosjektet kom ikkje ein gong frå Ålesund kommune, men var statleg støtte gitt av den nasjonale ordninga, KORO – Kunst i offentlege rom.
Åra etter har posisjonen halde fram med det eg opplever som ei svekking av kunstfeltet.
I 2025 stod Verkstad da Vinci for tur, formidlingsrommet for barn og unge som Ålesund kommune har bygd opp saman med Aggregat Kunstnerfellesskap. Posisjonen trekte den kommunale stillinga ut av prosjektet og sette pengane dei sparte, på investeringsfond. Slik blei eit tilbod som skulle vere tilgjengeleg for barn i heile Ålesund kommune, og likt for alle, kraftig svekt. Samtidig forsvann kompetansen ut døra.
Deretter tok posisjonen tak i kunst i offentlege rom. I 2026 blei ordninga endra slik at delen av nye byggjeprosjekt som går til kunst, kan bli 0 prosent dersom kommunestyret ønskjer det.
Vil posisjonen som sit i dag, ha skapande kunstnarar i denne byen?
I Ålesund finst det per i dag ikkje kommunale budsjettmidlar til atelier eller fellesverkstader for kunstnarar. Dette har kunstnarane fixa sjølve.
Når posisjonen ikkje tenkjer større og vel å ikkje investere i feltet, svekkjer kommunen samtidig moglegheita til både å byggje opp og halde på gode fagfolk og til å utløyse midlar frå fylke og stat. Nyutdanna kunstnarar vil velje byar som legg betre til rette for kompetansen deira.
Det eg veit, er at kunstnarar sjølve vel kvar dei vil bu, arbeide og skape. Kunst vil alltid finnast. Men dersom Ålesund vil vere ein stad der kunsten blir skapt og ikkje berre ein stad som bestiller kunst når ein treng han, må kommunen vise det i handling.
Så kva slags stad vil ein at Ålesund skal vere? Det må posisjonen snart vise. Dette er våre folkevalde.
Då må også veljarane ta stilling til kva slags samfunn dei ønskjer å vere ein del av.
Karin Augusta Nogva.
Har du noe på hjertet, ønsker å svare på innlegg, eller vil tipse om annet: post@bypatrioten.com