INTRO: Førjulsallsong + graut = sant
Kor ofte er det vi får synge av full hals, med den stemma vi har ilag med andre? Stadig sjeldnare, må vi vel sei. Men dette vil vi gjere noko med, og derfor gjentar vi suksessen frå i fjor og inviterer til ei skikkeleg sangstund for absolutt alle på Gomerhuset. Vi får god hjelp av Skodje blandakor, Skode skulekorp og Eli-Marita Håker så både englekor og basunar er sikra.
MEDVERKANDE
Skodje Skulekorps
Skodje Blandakor
Eli-Marita Håker
Skodje Skulekorps
Skodje Blandakor
Eli-Marita Håker
Legg Må-gjere-lista til side og gled deg over i god, gamal sangstund. Å synge julesongar ilag er kultur og tradisjon. Og kanskje aller viktigast: det er skikkeleg triveleg for både store og små. Og det er så enkelt som at om vi ikkje syng julesongane så forsvinn dei. Denne songstunda blir eit gyllent høve til å få friska opp og børsta støv av dei gode gamle julesongane så vel som ei påminning om at det kjem stadig nye julesongar til.
Dette blir den 6. og siste familliekonserten i INTRO-serien til Fjord Cadenza i 2024 og som alltid er det Sparebanken Møre og Kulturrådet som er våre støttespelarar. INTRO-konsertane skal vere eit viktig bidra til å oppleve kvalitetskonsertar for alle familiar. Tilbodet er gratis, stemninga er topp og grauten et vi ilag etterpå.