Til toppen

Tag: Fjord Cadenza

Annonse:
Annonse:

Fjord Cadenza 2026: Festivalgudstjeneste – Missa Cadenza

Inspirert av musikken til Reiersrud/Kleive har Skodjes eigen kantor, Marc Labruijere, komponert Missa Cadenza til Fjord Cadenzas festivalgudstjeneste. Messa fyller dei faste ledda i gudstenesta med heilt ny musikk – skriven for den norske kyrkja sin eigen liturgiske tekst, som det finst overraskande lite av. Labruijere studerte orgel i Nederland

Les mer

Fjord Cadenza 2026: Festkonsert – Freddie Mercury 80 år

På scena står to solistar som til saman innehar heile spennet. Ålesund-fødde Birgitte Velsvik er like heime i opera som i musikal og soul. Ho har mastergrad i opera frå Mariinsky-akademiet i St. Petersburg, har tolka store operaroller og hatt sentrale roller i nokre av dei største musikalproduksjonane i landet. I år har vi hatt gleda av å følgje henne heilt til semifinalen i The Voice.

Det krevst ein artist av eit visst format for å hylla ein som Freddie Mercury. Knut Marius Djupvik, «Noregs ultimate entertainer» rører seg like uanstrengt mellom det vare og nære, kraftfulle arier, rock og pop. Det er det same spennet som gjorde Mercury til ein av tidenes største vokalistar. Knut Marius gjorde ein lignande konsert for ein utseld Peer Gynt-sal i Grieghallen nyleg.

Saman med Sjøforsvarets musikkorps, eitt av dei fremste profesjonelle blåseensembla i landet, under leiing av Rune Bergmann, ligg alt til rette for ein storslagen kveld. Dette er i tillegg Rune sin siste konsert som kunstnarisk leiar for Fjord Cadenza, så dette vert ein historisk kveld du ikkje vil gå glipp av.

Les mer

Fjord Cadenza 2026: Espen Berg Trio

Espen Berg Trio er ein prisvinnar og kritikarrost norsk pianotrio med eit nedslagsfelt som strekkjer seg langt utanfor landets grenser. Trioen har selt ut konsertsalar i Tokyo, Guangzhou, Milano, Berlin, Aten og Hong Kong, og vart omtala av britiske Jazz Journal som ein av dei aller beste trioane i verda.

Les mer

Fjord Cadenza 2026: Opning av festivalutstilling – Litoral Currents

Med utstillinga Littoral Currents inviterer ålesundkunstnar Hilde Rosenberg Bamarni publikum inn i eit sanseleg rom der havets rørsler, fargar og overflater smeltar saman med menneskjelege røynsler. Ho er årets festivalkunstnar på Fjord Cadenza 2026.

Littoral Currents

Utstillinga har fått namnet sitt frå eit audiovisuelt samarbeidsprosjekt mellom Bamarni og musikaren og komponisten Kristian Skaarbrevik. Saman utforskar dei grensesona mellom hav og menneske gjennom samspel mellom lyd og rørlege bilete.

Videomaterialet dannar eit visuelt utgangspunkt der havets strøymar, fargar og overflater rører seg i eit langsomt, rytmisk forløp. Musikken responderer direkte på bileta og utviklar seg i dialog med det visuelle, slik at lyd og bilete påverkar kvarandre gjensidig. Saman skapar dei eit sanseleg rom der havets rørsler vert omsett til klang, rytme og visuelle forskyvingar. Prosjektet vert presentert under opninga av utstillinga.

Kunstnarskapet

Hilde Rosenberg Bamarni arbeider i skjæringspunktet mellom grafikk, fotografi og video, og havet er den raude tråden gjennom heile praksisen hennar. Ho utforskar korleis overflater, rørsler og strukturar forskyv seg mellom det menneskjelege og det maritime, og let dei to verdene spegle og påverke kvarandre gjensidig.

Gjennom analoge og digitale prosessar utviklar ho eit billedspråk der lag, rytme og repetisjon står sentralt. Havets fargar og rørsler fungerer som speglar for indre røynsler, medan menneskets indre landskap projiserast tilbake på det ytre. Verkene rører seg mellom det konkrete og det abstrakte, og opnar for sansemessige erfaringar av havets dynamikk og nærvær, noko som krev tid og nærleik, og ikkje slepper frå seg heile meininga i éin rask blikk.

Om kunstnaren

Hilde Rosenberg Bamarni er basert i Ålesund og har ein mastergrad i kunsthistorie frå UiT Noregs arktiske universitet, i tillegg til fagutdanning innan kunst og grafisk design. Ho er medlem av Norske Billedkunstnere, Bkmr og Norske Grafikere, og er representert ved fleire galleri og kunstformidlarar rundt om i Noreg.

Ved sidan av den kunstnariske praksisen har ho lang røynsle frå prosjektleiing, undervisning og kunstformidling. Ho har vore sentral i etableringa og utviklinga av Aggregat Kunstnarfellesskap, og har fleire gongar tent som festivalsjef og medkurator for Moving Festivalen i Ålesund.

Opninga av utstillinga er frå 18:00-19:00.
Det vert servert lette forfriskningar.

Etter utstillingsopning er det Opningskonsert med Gjermund Larsen Trio og Ensemble Allegria på Gomerhuset.

Øvrige opningstider under festivalen:

Tirsdag 25.08
- 18:00 – 22:00

Onsdag 26.08
- 17:00 – 21:00

Torsdag 27.08
- 17:00 – 21:00

Fredag 28.08
- 17:00 – 21:00

Laurdag 29.08
- 10:00 – 21:00

Søndag 20.08 – 10:00 – 18:00
Coverbilde av Jonas Forsberg (@fjordlapse)

Les mer

Tidenes største produksjon for Fjord Cadenza

Over 150 utøvere, et internasjonalt solistlag og et av musikkhistoriens mest monumentale verk møtes i Parken Kulturhus 27. august. Beethovens 9. symfoni er den største symfoniske satsingen Fjord Cadenza har gjort på sine over 30 år.

Les mer

Beethoven 9. symfoni – Ode til Gleda

27. august samlar Fjord Cadenza solistane Jacquelyn Wagner, Marianne Beate Kielland, Markus Bjørlykke og Magne Fremmerlid. Orkesteret består av mellom anna Ensemble Allegria, Sjøforsvarets musikkorps og koret av Ålesund videregående skule sitt musikklinjekor og Ålesund kammerkor. Her får du høyre eit stykke musikkhistorie som krev alt av utøvarane, og som står seg like godt i dag som i 1824.

Les mer

Fjord Cadenza 2026: Janove ved flygelet

Etter flere år med store konserter med Kaizers Orchestra på landets største scener, tar Janove i sommer turen til Fjord Cadenza og Parken kulturhus for en mer nedstrippet og personlig konsertopplevelse. Alene ved flygelet inviterer han publikum tett på låtene, slik de opprinnelig ble skrevet. Publikum kan vente seg et

Les mer

INTRO: Førjulsallsong og julegrantenning

Hjarteleg velkomen til herleg førjulsstemning forabsolutt ALLE! Det blir fest med englar og basunar,luciatog, små og store nissar, og julegrantenningmed gange rundt treet. Legg må-gjere-lista til side og gled deg til eigod, gamal sangstund og høgtideleg tenningav julegrana på Skodje. Å synge julesongar i lag er kultur og tradisjon.Og kanskje

Les mer

Fjord Cadenza 2025: Folkemusikkmesse

Årets festivalgudstjeneste vert ei folkemusikkmesse med musikk frå Henning Sommerros “Vindens hjul”, samt musikk frå Stafset-samlinga. Messa blei skrive til Røros sitt 350-årsjubileum i 1994. “Vindens hjul” er eit unikt vekselspel mellom liturgi, folkelig gammeldansmusikk, messetekstar, improvisasjon, kor og menighetssong. Verket er inspirert av gruvemiljøet på Røros og Johan Falkbergets

Les mer

Fjord Cadenza 2025: Ein Draum – songar av Grieg og Schumann

Robert Schumann (1810–1856)
Dichterliebe, Op. 48
30 min

Frédéric Chopin (1810–1849)
Ballade nr. 2 i F-dur, Op. 38
7 min

Edvard Grieg (1843–1907)
Seks sanger, Op. 25
Dikt av Henrik Ibsen for sangstemme og klaver (1876)
15 min

Edvard Grieg (1843–1907)
Seks sanger, Op. 48
Tyske dikt for sangstemme og klaver (1884–1889)
15 min

EIN draum – Grieg og Schumann
Sunnmøres store operastjerne Bror Magnus Tødenes og pianist Olav Egge Brandal presenterer noko av den vakraste musikken skrive for song og piano.

Les mer

Fjord Cadenza x Løvenvold Theater

Fjord Cadenza inntar Løvenvold Theater! Løvenvold Theater inviterer til musikkfilmer hele helgen 30. – 31. august.Tre kritikerroste filmer om musikk og livet vises til kun 100,- per billett (for de med billett til ett eller flere Fjord Cadenza-arrangement), 169,- (ordinærbillett). Lørdag 30.august:17:00 – Köln 75. En kraftfull fortelling om et

Les mer

Fjord Cadenza 2025: Vetle Nærø SOLO

Konserten er eit samarbeid mellom Fjord Cadenza og Parken kulturhus Opplev den kritikarroste pianisten og komponisten Vetle Nærø live – ein av dei mest spennande nye stemmene innan moderne klassisk musikk. Med eit unikt uttrykk som kombinerer rå kjensler, meditativ ro og subtil kompleksitet, tek han publikum med på ei

Les mer

Fjord Cadenza 2025: Mozart og Piazzolla i Bystyresalen. TrondheimSolistene/SFMK med Esther Yoo

Opplev Mozarts dramatiske Symfoni 40 og Piazzollas lidenskapelege Fire årstider i Ålesunds bystyresal, som blir forvandla til konsertsal for høvet. Den internasjonalt anerkjende fiolinisten Esther Yoo leier TrondheimSolistene og blåsarar frå SFMK gjennom ei musikalsk reise frå Wiens klassiske eleganse til Buenos Aires sine årstider. Esther Yoo og TrondheimSolistene, forsterka

Les mer