Fjord Cadenza 2026: INTRO – Vår familiedag
ENDELEG KAN VI INVITERE TIL INTRODAGEN – for heile familien!
Bli med på ein heidundrande og gratis familiedag i Tusenårsparken og på Jentekolonien for små og store under Fjord Cadenza!
Vi startar på klassisk vis (utan hysjing) når fantastiske Ensemble Allegria fyller Teltet i Tusenårsparken med musikk av mellom andre Tsjaikovskij, Sigrid, AURORA og Pharrell Williams. Dette herlege gjengen må opplevast!
Deretter blir det fullt opp med spennande aktivitetar, verkstadar og konsertar så det vrimlar i kvar krik og krå på Jentekolonien og i Tusenårsparken.
Der det blir silketrykk, båtverkstad, forteljarstund, familiequiz, omvisning og tradisjonsleikar. I tillegg held Heim minibakeri åpen Pop-up kafé!
Til slutt samlar vi alle til uhøgtideleg allsong med musikk frå mellom andre Nordstoga, Prøysen, Egner, Formoe og Hellbillies – og høg feelgood-faktor!
Kl. 12.00–16.00 Jentekolonien og Tusenårsparken.
Gratis inngang!
Ta med deg gjengen din og bli med på ein dag full av musikk, skaparglede og gode opplevingar!
Dagen er eit samarbeid mellom Fjord Cadenza, LIONS, Heim minibakeri, Ålesundsbiblioteka og Skøye teaterlag
-
Pris:
Gratis