Til toppen

Tag: Jentekolonien

Annonse:
Annonse:

Fjord Cadenza 2026: Opning av festivalutstilling – Litoral Currents

Med utstillinga Littoral Currents inviterer ålesundkunstnar Hilde Rosenberg Bamarni publikum inn i eit sanseleg rom der havets rørsler, fargar og overflater smeltar saman med menneskjelege røynsler. Ho er årets festivalkunstnar på Fjord Cadenza 2026.

Littoral Currents

Utstillinga har fått namnet sitt frå eit audiovisuelt samarbeidsprosjekt mellom Bamarni og musikaren og komponisten Kristian Skaarbrevik. Saman utforskar dei grensesona mellom hav og menneske gjennom samspel mellom lyd og rørlege bilete.

Videomaterialet dannar eit visuelt utgangspunkt der havets strøymar, fargar og overflater rører seg i eit langsomt, rytmisk forløp. Musikken responderer direkte på bileta og utviklar seg i dialog med det visuelle, slik at lyd og bilete påverkar kvarandre gjensidig. Saman skapar dei eit sanseleg rom der havets rørsler vert omsett til klang, rytme og visuelle forskyvingar. Prosjektet vert presentert under opninga av utstillinga.

Kunstnarskapet

Hilde Rosenberg Bamarni arbeider i skjæringspunktet mellom grafikk, fotografi og video, og havet er den raude tråden gjennom heile praksisen hennar. Ho utforskar korleis overflater, rørsler og strukturar forskyv seg mellom det menneskjelege og det maritime, og let dei to verdene spegle og påverke kvarandre gjensidig.

Gjennom analoge og digitale prosessar utviklar ho eit billedspråk der lag, rytme og repetisjon står sentralt. Havets fargar og rørsler fungerer som speglar for indre røynsler, medan menneskets indre landskap projiserast tilbake på det ytre. Verkene rører seg mellom det konkrete og det abstrakte, og opnar for sansemessige erfaringar av havets dynamikk og nærvær, noko som krev tid og nærleik, og ikkje slepper frå seg heile meininga i éin rask blikk.

Om kunstnaren

Hilde Rosenberg Bamarni er basert i Ålesund og har ein mastergrad i kunsthistorie frå UiT Noregs arktiske universitet, i tillegg til fagutdanning innan kunst og grafisk design. Ho er medlem av Norske Billedkunstnere, Bkmr og Norske Grafikere, og er representert ved fleire galleri og kunstformidlarar rundt om i Noreg.

Ved sidan av den kunstnariske praksisen har ho lang røynsle frå prosjektleiing, undervisning og kunstformidling. Ho har vore sentral i etableringa og utviklinga av Aggregat Kunstnarfellesskap, og har fleire gongar tent som festivalsjef og medkurator for Moving Festivalen i Ålesund.

Opninga av utstillinga er frå 18:00-19:00.
Det vert servert lette forfriskningar.

Etter utstillingsopning er det Opningskonsert med Gjermund Larsen Trio og Ensemble Allegria på Gomerhuset.

Øvrige opningstider under festivalen:

Tirsdag 25.08
- 18:00 – 22:00

Onsdag 26.08
- 17:00 – 21:00

Torsdag 27.08
- 17:00 – 21:00

Fredag 28.08
- 17:00 – 21:00

Laurdag 29.08
- 10:00 – 21:00

Søndag 20.08 – 10:00 – 18:00
Coverbilde av Jonas Forsberg (@fjordlapse)

Les mer

Fjord Cadenza 2025: Kunstutstilling med Håvard Vikhagen

Velkomen til opning av kunstutstilling med årets festivalkunstnar Håvard Vikhagen. Fjord Cadenza 2025! Onsdag 27. august vert det gode ord og vakker musikk, samstemt med dei fantastiske kunstverka til Vikhagen. Fjord Cadenza er stolte over å presentere Håvard Vikhagen som festivalkunstnar under årets festival. Vikhagen vil syne fram både nye

Les mer

Gratis lunsjkonsert på Jentekolonien

Fredag 21. juni kl. 12:00 inviteres det til GRATIS LUNCHKONSERT på Jentekolonien med duoen Asgeir Hoffart og Kristian Ferenc Sylthe. To fantastiske musikere dere ikke vil gå glipp av! Ta turen denne midtsommerdagen og hør verker av Johannes Brahms, Edvard Grieg og Vivaldi. Vel møtt!

Les mer

Kurs i grunnleggende kamerateknikk

Grunnleggende kamerateknikk med fotograf Knut Ivar Helland. Har du lyst å begynne med foto, har du nettopp begynt eller ønsker en liten repetisjon? Da er dette kurset for deg. Det blir en gjennomgang av innstillinger i kamera, hvorfor og når man trenger de ulike innstillingene, osv. Påmelding og evt. spørsmål:

Les mer

Fjord Cadenza 2023: Festivalgudsteneste i Tusenårsparken

Tradisjon tru ønsker Fjord Cadenza velkomen til festivalgudsteneste i Tusenårsparken ved Jentekolonien på Skodje. Vi har bestilt finevêr for anledninga, og håper mange tek turen denne søndagen. Kantor er Arne B. Varmedal, og sokneprest Jan Løkkeborg leier gudstenesta. Diakonutvalet stiller med kyrkjekaffi. Det blir musikk frå Fjord Cadenza-artistar.

Les mer

Fjord Cadenza 2023: Opning av kunstutstilling med Johanna Søvik

Velkomen til opning av årets kunstutstilling på Jentekolonien. Vi har æra av å stille ut verk frå den unge ålesundskunstnaren Johanna Søvik. Ho har atelier i Berlin og Beijing, men no vender ho nasen heimover til Sunnmøre for å presentere kunsten sin under Fjord Cadenza sitt 30-års jubileum. Johanna Søvik

Les mer