Til toppen

Fjord Cadenza 2024: På innsida av kommandosentralen

Bli med inn i Akslafjellet!
Ålesunds største landemerke, byfjellet Aksla, sit på mange hemmelegheiter. Under 2. verdskrig, vart den største kommandosentralen mellom Bergen og Trondheim bygd ut inne i fjellet. Anlegget har stått urørt i mange år, men er ein av dei største kulturskattane med ei viktig historie som er viktig å formidle til neste generasjon. I samarbeid med Ålesund Sentrumsforening, inviterer Fjord Cadenza til en unik opplevelse langt inne i bunkersen under festivalen.
Animato Quartet med lys- og videokunstnar Kimarius Abrahamsen har sett saman ei framsyning med musikk med ein sterk og direkte link til andre verdskrigen. Monica Molvær, styreleiar i Ålesund Sentrumsforening og styremedlem i Fjord Cadenza vil også fortelje kort om historia til kommandosentralen under konserten.
KJEKT Å VITE:
⏳ Varigheit: ca. 50 minutt (dørene opnar 30 minutt før konsertstart)
🧣 Det er stabil temperatur på ca 13-15 grader med litt fuktig luft, ta på varme klede.
♿️ Tilgjengelegheit: Lokalet er ikkje tilpassa rullestolbrukarar. Det er ei trapp på ca. 10 trinn for å komme ned i konsertlokalet, og tilsvarende for å komme ut av lokalet. Vi oppfordrar til å ta med ledsager dersom det er behov for det. ** Det er heller ikkje toalettfasilitetar i lokalet
☕️ Det vert anledning til å kjøpe noko å drikke under arrangementet
🪑 Førstemann til mølla-prinsippet, det er begrenset tal på billettar
🦺 Alle vil få gjennomgang av tryggleik før inngang til lokalet, møt gjerne i god tid

Dato

31.08.2024
Utløpt!

Tid

14.00 - 14.50
Kategori

Arrangør

Fjord Cadenza
Telefon
466 51 225
E-post
post@fjordcadenza.com
Nettsted
Fjord Cadenza

Andre Arrangører

Ålesund Sentrumsforening
E-post
post@sentrumsforening.no
Nettsted
Ålesund Sentrumsforening
QR-kode