Til toppen

Fjord Cadenza 2024: Opningskonsert: Bergmann og Bruckner

Velkomen til storslagen opningskonsert i Ålesund kyrkje! Les meir om konserten her: https://shorturl.at/KrCHl
Fjord Cadenza symfoniorkester er sett saman av Sjøforsvarets musikkorps og ei profesjonell strykargruppe. Dirigent Rune Bergmann skal leie dei 65 musikarane. 🎺
Program:
Egil Hovland, Fanfare og koral
Anton Bruckner, Symfoni nr. 4 «Den romantiske»
⏳ Varigheit: 90 minutt (dørene opnar 30 minutt før konsertstart)
♿ Tilgjengelegheit: Lokalet er tilpassa og tilgjengeleg for alle
🪑 Førstemann til mølla-prinsippet
🎻 Sjå resten av festivalprogrammet på www.fjordcadenza.no
PS! Nachspiel på Teaterfabrikken frå kl. 21:00 – les meir om FOLKEPUB her: https://shorturl.at/1mxek
Årets opningskonsert er lagt til Ålesund kyrkje. Det er vårt eige festivalorkester og dirigent Rune Bergmann som skal tolke Anton Bruckner si middelalderromanse; symfonien som vart hans gjennomslag og fekk kallenavnet «den romantiske».
Konserten opnast først av eit kortare verk av den norske komponisten Egil Hovland, som ville fylt 100 år i år, som også er Anton Bruckner sitt 200-årsjubileum! Gå inn i hausten med denne monumentale musikkopplevinga. 🍂

Dato

29.08.2024
Utløpt!

Tid

19.00 - 20.30

Sted

Ålesund kirke
Kirkegata 2, 6004 Ålesund
Opening Hour
10.00-15.00
Nettsted
https://kyrkja.alesund.no/?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender

Arrangør

Fjord Cadenza
Telefon
466 51 225
E-post
post@fjordcadenza.com
Nettsted
Fjord Cadenza

Andre Arrangører

Ålesund kirke
Telefon
70165300
E-post
postmottak@kyrkja.alesund.no
Nettsted
Ålesund menighet
QR-kode