Til toppen

Vil ha Astrid Eidsvik som ny rådmann

Nye Ålesund kommune har innstilt noværande rådmann Astrid Eidsvik i toppstillinga.

Astrid Eidsvik (59) kan bli rådmann i nye Ålesund kommune.

Astrid Eidsvik (59) kan bli rådmann i nye Ålesund kommune.

Eidsvik er innstilt til stillinga av eit samrøystes tilsettingsutval etter ein grundig prosess der det er brukt eit eksternt rekrutteringsbyrå, skriv fellesnemda for dei samanslåtte kommunane i ei pressemelding. 

Det er denne nemnda som skal tilsette rådmann i den nye kommunen i eit møte 5. oktober.

Tilsettingsutvalet er ordførarane i dei fem kommunane som skal danne nye Ålesund kommune i 2020.

Astrid J. Eidsvik (59) er i dag rådmann i Ålesund kommune, ei stilling ho blei tilsett i av bystyret i februar 2015.

Tidlegare var ho helsedirektør i Helse Møre og Romsdal.

 

 

Leiaren i tilsettingsutvalet og ordførar i Skodje, Dag Olav Tennfjord, seier at dei er glade for å kunne innstille ein røynd og dyktig person til denne krevjande stillinga.

Utvalet har lagt vekt på  ein grundig rekrutteringsprosess frå arbeidet med stillingsprofil i juni til intervju og kandidatvurdering i september, heiter det i pressemeldinga. 

Stillinga som rådmann blei utlyst 22. juni med søknadsfrist 15. august.

Fellesnemnda skal behandle tilsettinga av rådmann i nye Ålesund kommune 5. oktober klokka 12.00 på i rådhuset i Ålesund.