Til toppen

Fjord Cadenza 2025: Kunstutstilling med Håvard Vikhagen

Velkomen til opning av kunstutstilling med årets festivalkunstnar Håvard Vikhagen. Fjord Cadenza 2025! Onsdag 27. august vert det gode ord og vakker musikk, samstemt med dei fantastiske kunstverka til Vikhagen.
Fjord Cadenza er stolte over å presentere Håvard Vikhagen som festivalkunstnar under årets festival. Vikhagen vil syne fram både nye og etablerte verk, der hans unike blanding av poetiske landskap, ekspressiv fargeglede og utforskande teknikkar vil stå i sentrum. Gjer deg klar for ei stor kunst- og musikkoppleving på Vestlandet, der Vikhagen sine stemningsfulle bilete går i samspel med festivalen sine tonar og den vakre naturen rundt oss.
Utstillinga opnar onsdag 27. august og held ope gjennom heile festivalen, til og med søndag 31. august.
  • 00

    dager

  • 00

    timer

  • 00

    minutter

  • 00

    sekunder

Dato

27.08.2025

Tid

18.00 - 21.00
Kategori

Arrangør

Fjord Cadenza
Telefon
466 51 225
E-post
post@fjordcadenza.com
Nettsted
Fjord Cadenza
Facebookarrangement
QR-kode