Fjord Cadenza 2024: Festivalgudsteneste i Tusenårsparken
Arrangementet er gratis
Tradisjon tru ønsker Fjord Cadenza velkomen til festivalgudsteneste i Tusenårsparken ved Jentekolonien på Skodje. Vi har bestilt finevêr for anledninga, og håper mange tek turen denne søndagen!
I år vert det ekstra mykje musikk, og vi er heldige og har med Ørskog Brass, Magne Fremmerlid, Charlotte Fongen og Bjørnar Myhr.
Det er Magne Fremmerlid sjølv som saman med Ørskog Brass har satt saman det musikalske programmet for denne søndagen.
-
Pris:
Gratis