Utstillingsåpning: Per Inge Bjørlo: Glas, jord, eld
Hausten i Jugendstilsenteret og KUBE vert via ei større separatutstilling med Per Inge Bjørlo (f. 1952), ein av Noregs mest anerkjende kunstnarar. Utstillinga inneheld både eldre og heilt nye verk, og speglar Bjørlo sitt liv frå oppveksten i Spjelkavik på 50- og 60-talet og fram til no.
Det er snart 20 år sidan Bjørlo si første utstilling i Ålesund, «Tvilens perspektiv. Samtalar 1» i Jugendstilsenteret. I eit av verka skapt til denne utstillinga, Velkommen heim (2004), gjer han den staselege spisestova i Jugendstilsenteret om til eit fysisk sinnsbilete, der serveringstøy er bytt ut med sylkvasse glasbrot som skyt opp av ein kvit duk av filt. Verket er i samlinga til museet, og blir satt opp igjen som ein del av haustens utstilling.
Verket Blomar til mor (2014-2017), som i haust vil dekke store delar av første etasje i KUBE, utgjer ein akse i utstillinga som dei andre verka orienterer seg rundt. Det visast for første gong her i Ålesund, og er ein inngangsport til sentrale tema i Bjørlo sitt kunstnarskap: Universelle motiv som rører ved dei store menneskelege erfaringane som kan finne stad i vår tid på jorda, innimellom liv og død.
Det er ein eld i Bjørlo sin kunst. Han nærer ein brennande intens og kompromisslaus dedikasjon til kunsten. Som kunstmuseum held vi fana høgt for kunstens grunnleggande verdi for samfunnet. Derfor er vi særs glad for å kunne gi ein heim til Bjørlo i Ålesund denne hausten, i det vi fyller alle tre etasjar i KUBE, og spisestua i Jugendstilsenteret, med hans kunst. Velkommen til ei sterk oppleving!
