UKM 2024 Gomerhuset
UKM står for Ung Kultur Møtes, og er ein arena for unge mellom 13 og 20 år som ønsker å dele lidenskapen sin med andre likesinna.
Det går føre seg i tre «trinn», der ein byrjar med aktivitet og framsyning lokalt på kommunenivå. Derfrå kan ein vere heldig å bli plukka ut til fylkesfestival der ein får hjelp til å utvikle talentet sitt endå meir saman med ein mentor. Derfrå er det nokre få som blir plukka ut til å delta på landsfestivalen året etter, med massevis av artige aktivitetar og show!
UKM er ei oppleving for livet, same kor langt du kjem eller kor mange gonger du deltek