Til toppen

Team Bachstad – På turné

Den populære duoen Øystein Bache og Rune Gokstad har sidan 2011 tatt med TV-sjåarane på ei rekke reiser verda rundt – alltid på utradisjonelt vis. Åtte sesongar har så langt gått på TV. I haust kjem sesong ni på NRK1 med Team Bachstad.
No får publikum moglegheita til å oppleva Team Bachstad «live»! I samarbeid med NRK blir det invitert til eit talk-show der publikum blir med på ein nær halvannan time lang reise i levande live, med humor, filmklipp og historier som ikkje kom med i programma!
Dei åtte sesongane på NRK (https://tv.nrk.no/serie/team-bachstad) starta med ei reise i ein veteran-brannbil til Mongolia. I sesong to kryssa de India på tvers i auto rickshaw. Deretter venta ei kryssing av det søramerikanske kontinentet i eit godt brukt bruktbil! I sesong fire la dei ut på ein tur frå sør til nord i Finland i to knøttsmå varemopedar. Den femte sesongen vart halde til i Indokina i eit utrangert Land Cruiser som Forsvaret skulle gi til Norsk Folkehjelp i Kambodsja. Sesong seks drog dei i østerled. I ein 34 fots motorbåt skulle dei segla på elvar frå St Petersburg gjennom Russland, Kviterussland, Ukraina, over Svartehavet med Istanbul som mål. Også i sesong sju flytta dei seg i det våte elementet når dei besøkte ein del øyar i Karibia.
Koronaen sette ein stoppar for å reisa utanlands i 2020 – då vart løysinga å dra Noreg på langs i ein elektrisk postbil.
Stikkord: ,

Dato

25 mar 2023
Utløpt!

Tid

19.00 - 20.30

Sted

Parken kulturhus
Parkgata 3B, 6003 Ålesund
Nettsted
https://parkenkulturhus.no/?source=bypatrioten&medium=kalender

Arrangør

Parken kulturhus
Telefon
70162468
E-post
billett@alesund.kommune.no
Nettsted
Parken Kulturhus
QR-kode