Syverkstad: Bli med og sy stoffnett!
Vi du vere med og sy stoffnett?
Ålesund bibliotek skal begynne å låne ut tøyposar saman med bøkene for å redusere bruken av plast. Vi inviterer til felles syverkstad! Du kan sy ein pose til biblioteket eller til deg sjølv, eller begge deler.
Vi heier på gjenbruk! Ta med deg stoffrestar eller gamle klede som du kan bruke. Der er noko utstyr og stoff på biblioteket, men ta gjerne med det du vil bruke sjølv. Vi har nokre symaskiner og kan gi enkel veiledning, men ver obs på at dette ikkje er eit sykurs. Det er ein kreativ møteplass for å dele syglede og ha eit syprosjekt saman.
Syverkstaden er ein del av arrangementet Verdas Miljødag 2025.
-
Pris:
Gratis
