Søndagsforedrag på Johansbuda
Gange-Rolv – Rollo – kven var han?
Nordiske vikingar hadde sidan tidleg på 800-talet handla og herja ute i Europa. I 911 blei vikinghøvdingen Rollo gjort til greve av Normandie av den franske kongen. Rollo blei også stamfar til det engelske kongehuset.
Kven var så denne Rollo? Ein norsk vikinghøvding? Eller kanskje var han frå Giske? Kva for kilder har vi, og kva seier dei?
Historikar og tidlegare konservator på Sunnmøre Museum, Jarle Sulebust, vil prøve å svare på nokre av desse spørsmåla.
Vel møtt til nok eit interessant foredrag på Johansbuda!
Pris: Kr 100,-, inkl. kaffi og noko å bite i.
-
Pris:
100,- per pers.