Sommerkonsert med folkemusikk!
Høyr Britt Elise Skram på fele og Kristina Farstad Bjørdal på akkordeon i Åkre bedehus. To veletablerte og mykje brukte musikarar – både lokalt og regionalt.
Konsertane 26. juli, 3. og 10. juli, kl. 11.00 og kl. 13.00, er ein del av det mangfaldige sommarprogrammet vårt og inkludert i inngangsbilletten.
Skram og Bjørdal har kjent kvarandre i mange år, og no har dei endeleg fått sjansen til å gå saman om å lage eit duoprosjekt for det dei begge brenn for; rund- og bygdedanstradisjonen frå sine heimstadar som dei ikler smakfulle arrangement og artige vriar.
Dei har også eit stort hjarte for folkemusikken andre stader i Noreg og Sverige, og har nyskrivne folkemusikkperler på programmet.
Tradisjonane har i alle tider vandra, og ein spelar ting ein syns er fint frå andre tradisjonar og gjer det til sitt eige. Slik held dei tradisjonen levande!
- Billett: https://booking.duell.no/stiftinga-viti/inngangsbillett-sunnm-re-museum/event/inngangsbillett-sunnm-re-museum?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender
-
Pris:
Inkludert i inngangsbillett til museet.