Til toppen

Sjølvmordsforsøket – føredrag av Oddvar Vignes

Sommaren 2009 trudde 29 år gamle Oddvar Vignes at han hadde funne løysinga på alle problema han sleit med. Han bestemte seg for å ta sitt eige liv. Etter den avgjerda kjende han ein stor lette. Oddvar hadde rota økonomisk, han hadde ikkje fullført noka utdanning, kjende seg mislukka både på jobb og som kjærast og son. Han var djupt deprimert, men heldt fasaden. Han var blant anna ein humørfylt gjest i fleire bryllup i tida før alt skulle avsluttast. Ein septemberdag stengde han seg inne på eit hotellrom i Oslo med mål om å avslutte livet. Først måtte han berre skrive alle avskilsbreva som ville få alle han var glad i, til å forstå og godta.
Kvart år tek mellom 600 og 700 nordmenn sitt eige liv. Oddvar Vignes kunne blitt ein i den statistikken. Dette er Oddvars forteljing om oppveksten på Finnøy, ungdomstid, sjølvmordsforsøk og vegen tilbake til livet.
Dette er ei historie med håp, ei historie som endar godt, fortald av ein mann med humor.
Ta turen til Ålesund bibliotek og høyr den sterke historia til Oddvar Vignes. Føredraget er gratis og ope for alle.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Ålesund bibliotek og Mental Helse Ålesund.

Dato

17.10.2023
Utløpt!

Tid

18.00 - 19.00

Sted

Ålesund bibliotek
Keiser Wilhelms gate 16, 6003 Ålesund
Opening Hour
10.00-19.00 mandag-torsdag. 10.00-16.00 fredag. 10.00-15.00 lørdag.
Nettsted
https://alesundsbiblioteka.no/biblioteka/alesund/?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender

Arrangør

Ålesund bibliotek
Telefon
70162260
E-post
mailto:alesund.bibliotek@alesund.kommune.no
Nettsted
Ålesundsbiblioteka

Andre Arrangører

Mental Helse Ålesund
Telefon
962 29 688
E-post
Aalesund@mentalhelse.no
Nettsted
Mental Helse Ålesund
QR-kode

Leave a Comment