Segltur med Storeggen 2023
Fiskerimuseet inviterer publikum til å vere med og segle bankskøyta Storeggen. Storeggen er ein kopi av ei ålesundsk fiskeskøyte frå 1890 – åra. Med full seglføring har skøyta sju segl, og fiskarane den gongen var gode seglarar.
Dette er ein tur for dei som ønsker å oppleve korleis det er å segle ei gaffelrigga fiskeskøyte som Storeggen. Du må ikkje kunne segle frå før, men du må kunne ta i eit tak. Vi går frå Fiskerimuseet, ut Molja og dit vinden tek oss.
Utstyr: Varme klede og niste, gjerne sjøstøvlar og arbeidshanskar. Sikkerheitsutstyr om bord.
NB: Max 12 passasjerar.
På – og avmønstring: Fiskerimuseet, Molovegen 10, Ålesund
Oppmøte et kvarter før avreise!
- Billett: https://tikkio.com/tickets/33763-segltur-med-storeggen-2023
-
Pris:
380,-
