Markering av verdas overdosedag 2024
Velkomen til markering av verdas Overdosedag, laurdag 31. august kl. 11.00-12.30. Arrangementet skjer i år i Sommerteltet på Joachim H. Rønnebergs Plass (rådhusplassen) i Ålesund.
I fjor døde 363 personar av overdose. Det er over 20 år sidan det sist var registrert så mange dødsfall på eitt år. Tidlegare var det flest som døde som følge av bruk av heroin, men dette har endra seg dei siste åra. Det er no fleire som døyr som følge av sterke smertestillande medikament som morfin, kodein og oksykondon. Denne gruppa skil seg ut, samanlikna med dei som døyr av heroin, ved at der bl.a. er fleire kvinner, fleire eldre og personar som ikkje har vore i rusbehandling.
Ved kvart overdosedødsfall i Norge reknar ein med at der er minst 10 pårørande. Etterlatte etter overdosedødsfall er ei gruppe som ofte blir gløymde av hjelpeapparatet/kriseberedskapen, dei kan oppleve stigmatisering og står i fare for å utvikle komplisert sorg. Meir enn nokon gong er overdosedødsfall noko som angår oss alle!