Les i lag – ei lesestund for vaksne etter shared reading-metoden
Er du glad i bøker og litteratur? Kom og les i lag med oss! LES I LAG er ei lesestund etter Shared Reading-metoden: – Vi sit rundt eit bord med kaffi, te og noko å bite i. – Leseleiaren les ein tekst høgt. – Vi snakkar om teksten saman. – Du kan seie noko om du vil. – Du kan også berre lytte. – Det finst ingen fasit!