Kjønn, identitet og barn: Foredrag av Aud Farstad
Aud Farstad vil presentere lova av 2016 om skifte av juridisk kjønn og kva for konsekvensar ho meiner dette har for norske kvinner. Ho vil òg sette dette i samanheng med liknande sjølvidentifiseringslover i andre land i verda.
Ho meiner at lova vart vedteken utan konsekvensutgreiingar og utan debatt. I dette foredraget vil ho gå nærmare inn på det.
Om foredragshaldaren:
Aud Farstad er historikar og har skrive fleire bøker og mange artiklar om kvinnehistoriske emne. Ho er sterkt oppteken av kvinners plass i samfunnet og av å kjempe for dei rettane som kvinnene har vunne dei siste hundre og femti åra. Ho meiner desse rettane er alvorleg truga med dei nye ideane om kjønn.
-
Pris:
Gratis