Kjønn, identitet og barn: Foredrag av Kaveh Rashidi
Korleis er prosessen ved å bytte kjønn?
Kaveh Rashidi kommer til Moa bibliotek i Ålesund for å snakke om kjønn og identitet hos barn.
Kvifor har debatten om kjønn blitt så betent? Kor kjem omgrep som kjønnsinkongruens og kjønnsdysfori frå, er det biologiske eller kulturelle og sosiale idéar? Eksperimenterer vi med barna når vi hjelper dei å bytte kjønn, og overbehandlar vi? Eller er vi for konservative og underbehandlar?

Spørsmåla er mange, og svara vanskelege – dette skal Rashidi halde eit kort foredrag om, etterfølgt av spørsmål frå publikum
Om foredragshaldaren:
Kaveh Rashidi er lege, forfattar og ein aktiv samfunnsdebattant. Han er ofte å sjå i media – både på TV, i debattar og som skribent og kronikør.
Kaveh er for mange også kjent frå «Hva feiler det deg» på NRK og TV2-programmet «Helsekontrollen», og er å sjå i fleire TV-produksjonar som f.eks. “Alle mot Alle”. Han har også gitt ut bøkene «Kanskje du er frisk» i 2020 og bestselgaren «Manus om Anus» frå 2018. Kaveh er ein del av trioen i podkasten “God bedring” på NRK, og er også aktuell med podkasten “Snakk om Sex”, kor han djupdykkar i statistikk rundt seksualitet, med ulike gjestar i studio.
-
Pris:
Gratis