Kjønn, identitet og barn: Foredrag av FRI Møre og Romsdal ved Regine Giskegjerde Urtegård
FRI er ein del av ein global rettsbevegelse som jobbar for å fremme likestilling og ikkje- diskriminering av LHBT-personar verden over. Menneske som bryt med normer for kjønn og seksualitet verden over blir utsette for utstøyting og diskriminering.
FRI vil arbeide for at norske myndigheiter, menneskeretts- og utviklingsaktørar systematisk rapporterer menneskerettsbrot på grunnlag av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk, og for at disse aktørane inkluderer rettane til lesbiske, homofile, bifile og transpersonar i sitt likestillings- og menneskerettsarbeid.
Kjønn
Det finst eit mangfald av kjønn. FRI anerkjenner at mange definerer seg tradisjonelt som mann eller kvinne, men også at mange ikkje finn seg til rette i denne kategorien. Reelt kjønnsmangfald er eit mangfald av ulike identitetar og uttrykk både innanfor dei konvensjonelle kategoriane kvinne/mann, men også utover desse etablerte kategoriane.
FRI meiner at alle former for kjønn er likeverdige og skal vere likestilte, og at kvar einskild person sin sjølvopplevde kjønnsidentitet må respekterast. Tryggleik rundt eigen sjølvopplevd identitet bidrar til betre levekår for LHBT-personar. Alle myndige personar skal ha rett til å definere sitt juridiske kjønn.
Kjønnsinkongruens og kjønnsdysfori
Med kjønnsinkongruens meinast menneske som opplever at det er eit manglande samsvar mellom deira kjønnsidentitet og kroppen deira. Kjønnsdysfori beskriv det ubehag eller dei plager som er forårsaka av kjønnsinkongruens.
FRI støtter behandling som opnar opp for kjønnsmangfald og er imot behandlingstilbod som tar sikte på å bekrefte tokjønnsmodellen og rådande normer for kjønn. FRI meiner at norske behandlingstilbod bør basere seg på WPATH sine Standards of Care. Barn som bryt med samfunnets normer for kjønn skal få lov til å gjere dette i trygge rammer og med støtte frå sine omgivnader.
FRI ønsker eit heilskapleg lovverk som regulerer offisiell juridisk kjønnsstatus og som opnar for at menneske sjølve får lov til å definere sitt juridiske kjønn. Dette inneber at det innførast system for personnummer og identitetspapir som gir rom for reelt kjønnsmangfald gjennom personnummer utan identitetsmarkør, og moglegheit for ein tredje kategori av kjønn utan nærmare spesifisering.
FRI meiner at all behandling av kjønnsinkongruens skal vere basert på informert samtykke og at samtaleterapi skal inngå i ei utforskings- og/eller utredningsfase. Tiltak som hårfjerning, stemmetrening, brystproteser, penisproteser og liknande kan inngå som ein del av kjønnsbekreftande behandling.
Bli med på eit foredrag med Regine, der ho snakkar litt om korleis situasjonen er for transpersonar i Norge i dag.
-
Pris:
Gratis