Kaveh Rashidi: Senk skuldrene
Kaveh Rashidi byr på eit underhaldande og tankevekkjande foredrag, som tek sikte på å gjere eit sunt liv så enkelt som mogleg.
Senk skuldrene!
Kvar enn du snur deg, er det nokon som skal fortelje deg kva du må gjere for å bli eit sunnare menneske. Helseråda florerer, og dei fortel deg kva som skal til for å bli den beste versjonen av deg sjølv.

Men treng du alt dette for å vere frisk og lykkeleg?
Nei!
Nei!
Om noko blir vi sjukare av det utrøyttelege fokuset på å gjere alt rett. I eit samfunn som stadig masar på at vi skal vere perfekte er dette foredraget eit friskt pust, formidla på lettbeint, skarpt og inspirerande vis. I staden for stadig å forbetre helsa, viser Rashidi verdien i heller å bruke helsa til å leve eit godt liv!
Drite litt meir i helsa?
Ved hjelp av vitskap og forsking fortel Rashidi korleis vi kan få betre helse, ved å gjere mindre. Han tek oss med inn på legekontoret, men løftar også blikket så vi kan forstå oss sjølv betre som menneske. Først då kan ein fokusere på dei viktigaste og mest effektive helseråda, og med godt samvit ignorere alt det andre – vere seg kosthaldsråd, treningstips, piller eller helsesjekkar.

I januar gir Rashidi ut si fjerde bok – “Senk skuldrene”. La dette bli året der du oppnår helsemåla dine òg, ganske enkelt ved å senke skuldrene.
Kaveh Rashidi er fastlege og spesialist i allmennmedisin, og eit kjent ansikt som samfunnsdebattant og prisvinnande lege. Ved sida av praksisen sin som lege er han spaltist i Aftenposten og har podkasten Helseopplysningen på Podme.