Til toppen

Julenatt med Wenche Myhre, Jørn Hoel m.fl.

Wenche Myhre, Jørn Hoel og Emil Solli-Tangen ønskjer velkommen til konserten som garantert gir deg den varme og gode julestemninga!

Med smittande glede og glimt i auget, akkompagnert av nokre av dei fremste musikarane i landet, får vi servert ei herleg blanding av kjende, kjære og nære julesongar, store juleklassikarar og nokre av dei mest populære låtane frå artistane sine eigne karrierar. Her er det berre å lene seg tilbake og la freden senke seg!

Hele Noregs Wenche Myhre runda 76 år i år – og er meir aktiv enn nokon gong! Ho kan sjå tilbake på ein fantastisk karriere i fleire land, både som artist og skodespelar. Songar som La meg være ung, Katta vår, Vinter og snø, Gi meg en cowboy til mann, 66 og Vi lever har vorte allemannseige for generasjonar, og Wenches songar har følgt oss som lydspor gjennom store og små stunder i liva våre.

Jørn Hoel song seg inn i musikkhistoria og norske hjarte med Har en drøm og Ei hand å holde i på 80-talet, og har sidan den gong imponert med sitt breie musikalske spekter – frå pop og soul til blues og latinamerikanske rytmar.

Tenoren Emil Solli-Tangen vart som ein av dei yngste søkjarane gjennom tidene teke opp til Statens Operahøgskole i Oslo. Emil gjer med den store stemma si konsertar og operaroller over heile landet og har eit breitt repertoar beståande av alt frå norske viser til crooner-låtar og operaariar. Julenatts musikarar er som alltid henta frå øvste hylle; Frøydis Grorud (saksofonar og fløytar) og Trond Lien (kapellmeister, tangentar).

Dato

17.12.2023
Utløpt!

Tid

18.00 - 19.20

Mer info

Les mer

Sted

Parken kulturhus
Parkgata 3B, 6003 Ålesund
Nettsted
https://parkenkulturhus.no/?source=bypatrioten&medium=kalender
Kategori

Arrangør

Parken kulturhus
Telefon
70162468
E-post
billett@alesund.kommune.no
Nettsted
Parken Kulturhus
QR-kode

Leave a Comment