Til toppen

INTRO – Opera-Markus til alle!

INTRO har denne gongen den store gleda av å invitere til eit varmt og nært møte med den strålande operasongaren Markus Bjørlykke frå Hareid.🤩 Han er ein utruleg dyktig og sjarmerande songar med eit herleg glimt i auge som vi vil at alle, uansett alder, skal få oppleve.✨
Markus er det vi kallar ein lyrisk tenor, som betyr at han syng dei vakraste songane med dei lysaste tonane på ein mjuk og behageleg måte.🎶 Så om du er 3 år eller 80 år så kjem denne karen til å få håra på arma til å reise seg. Med sin allsidige bakgrunn syng han alt frå Røvervisa frå Kardemommeby til Phantom of the Opera!🎭
Med seg på piano har han dyktige Johan Sewerin, lektor i piano ved Ålesund kulturskule. Sewerin er ein mykje nytta akkompagnatør i vår region. Dei to har gjort fleire oppdrag i lag tidlegare og dei gler seg til å spele for publikum denne laurdagen.💙
——-
INTRO tilbyr verkeleg gode og spennande konsertopplevingar gjennom året, for heile familien. Vi brenn for at alle skal få høyre, sjå og oppdage musikk i alle sjangrar.😍 Det finst så mange ulike instrument, så mykje forskjellig musikk og så mange knallflinke musikarar å bli kjend med, og vi vil invitere dykk med. Ingen forkunnskap trengs, berre sett av formiddagen og kom. Her er alltid god stemning og mykje latter. Og så serverer vi laurdagsgraut etter konserten. Alt gratis, så klart!👈🏻🌟
Takk til våre støttespelarar Sparebanken Møre, Møre og Romsdal fylkeskommune og Norsk kulturråd som gjer INTRO mogleg.
——-
💚🎤 MEIR OM MARKUS BJØRLYKKE:
Fullførte mastergrada si ved Operahøgskolen på Kunsthøgskolen i Oslo i 2022, med Solveig Kringlebotn som songlærar. Etter endt utdanning frå Musikkteaterhøyskolen i 2018 debuterte han i rolla som Ubaldo Piangi i Norgespremiera av Phantom of the Opera på Folketeateret.👏🏼 Markus er ein etterspurd songar med ei rekke oppdrag for mellom anna Folketeateret og Bergen Nasjonale Opera. Han har mottatt fleire stipend for å halde fram med å utvikle sitt talent.✨
Sist vi fekk oppleve Markus her på Skodje var på Bruvandringa under årets Fjord Cadenza og han har vore med på tidlegare Cadenzaer, både på Operapub og som instruktør for Songskulen. Denne gongen er det Markus som skal få skine i eigen person. Dette vil du ikkje gå glipp av!
  • Pris:

    Gratis og åpent for alle

Dato

04 nov 2023
Utløpt!

Tid

12.00 - 13.30

Sted

Gomerhuset
Stadionvegen 25, 6260 Skodje
Nettsted
https://www.gomerhuset.no/?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender

Arrangør

Fjord Cadenza
Telefon
466 51 225
E-post
post@fjordcadenza.com
Nettsted
Fjord Cadenza

Andre Arrangører

Gomerhuset
Telefon
70244190
E-post
post@gomerhuset.no
Nettsted
Gomerhuset
QR-kode