Til toppen

INTRO | Marie Løvås i eigen person

Eit spennande møte med låtskrivaren Marie Løvås frå Skodje.
Ho har med seg Torgeir Hovden Standal på gitar og Hallvard Braaten Stenhovden på cello. Det kan og godt hende at ho inviterer med seg nokre elevar frå 9. trinn på Skodje ungdomsskule. Kven veit?
På den første INTRO-konserten i år er det låtskrivaren og musikaren Marie Løvås som kjem på besøk til INTRO-scena. Marie er busett i Oslo, men kjem frå Skodje og syng på klingande sunnmørsk. Ho skal sjølvsagt synge og spele musikken sin til oss, men vi skal óg få vite meir om korleis musikken hennar blir til. Kva er ho oppteken av og korleis lagar ho tekstane og melodiane sine? Marie gav ut albumet «Natta ser det som ingen ser» på Kirkelig kulturverksted i 2020. Marie har markert seg som ein solid låtskrivar og ho er personleg og var i formidlinga si. Vi gler oss til ei intim konsertoppleving med Marie og vener.
9. trinn har open kafè før og etter konserten så der blir høve til å kose seg i kafeen også.
Marie skal vere heime på Skodje heile veka før konserten for INTRO har utfordra ho til å halde låtskrivarverkstad for alle elevane på 9. trinn på ungdomsskulen. Marie sitt mål med verkstadane er å inspirere elevane til å ta i bruk låtskriving i kvardagen, og legge til rette for skaparglede og kreativitet. Å skrive låtar kan vere ein måte å sortere tankar på, bearbeide kjensler og uttrykke seg på ein ny og annan måte, noko som igjen kan vere positivt for identitetsarbeid og psykisk helse.
Kirkelig kulturverksted skriv om Marie Løvås si plate: «Natta ser det som ingen ser» har slitesterke og vare tekster med temaer som tilknytning, adskillelse, tilhørighet og veivalg både i livet og i relasjoner. Melodiene har den sjeldne egenskapen at de er både originale og fengende på en gang.»
«Musikkanmelder Tor Hammerø i Nettavisen skriv: Løvås, med ei stemme som fra tid til annen kan minne om Ingebjørg Bratland når det gjelder både varme og skjørhet, men som absolutt har dette unike likevel, synger på si sunnmørsdialekt. Det gjør det hele mer ekte.
Tekstene hennes vitner om en modenhet som langt overgår hennes 23 år på Tellus og temaer som tilknytning, adskillelse og veivalg både i livet og i relasjoner, sier sitt om at dette er ei jente som bruker musikken og ikke minst tekstene til noe langt mer enn gjennomsnittsbetraktninger om ingenting.»
INTRO er Fjord Cadenza sitt tilbod til alle barnefamiliar gjennom heile året. INTRO handlar om å introdusere eit bredt utval av musikk til barn og unge. Dette gjer vi gjennom å legge til rette for musikkopplevingar der vi samarbeidar med kulturinstitusjonar og nokon av dei beste kunstnerane frå regionen.
Tilbodet er gratis og er støtta av Norsk kulturråd, Sparebanken Møre og Møre og Romsdal fylkeskommune.
  • Pris:

    Gratis

Dato

22 apr 2023
Utløpt!

Tid

12.00 - 13.30

Sted

Gomerhuset
Stadionvegen 25, 6260 Skodje
Nettsted
https://www.gomerhuset.no/?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender

Arrangør

Fjord Cadenza
Telefon
466 51 225
E-post
post@fjordcadenza.com
Nettsted
Fjord Cadenza

Andre Arrangører

Gomerhuset
Telefon
70244190
E-post
post@gomerhuset.no
Nettsted
Gomerhuset
QR-kode