Ingvard Wilhelmsen: Sjef i eget liv
La 2023 bli året då du blei “sjef i eget liv”!
Med humor, formidlingsevne og glimt i auget fyller professoren rommet med kloke ord og ein god dose sunn fornuft. Ingvard Wilhelmsen held foredrag for fulle hus landet rundt og er kjent som ein av Noregs aller aller beste foredragshaldarar.
Ingvard Wilhelmsen pratar om korleis vi taklar press, omstilling, uvisse og risiko. Det meste av det som skjer her i livet kan vi ikkje gjere noko med, men korleis vi tek omsyn til det som skjer bestemmer vi sjølv. Mange bruker altfor mykje tid på unyttig tankeverksemd, men vi har sjølv ansvar for kva tankar vi handlar på. Dei fleste av tankane våre er jo berre tull – tankar der vi bekymrar oss for ting som aldri kjem til å skje i røyndommen. Ingvard utfordrar korleis vi tek omsyn til desse tankane. Dersom nokon skal vere sjef i ditt liv, må det vere deg sjølv!
Ta eit oppgjer med unødvendige bekymringar og plagsam hodebry.
Dette vil igjen gi oss meir energi til å bruke på kva livet elles har å by på. Det er mykje flaks og mange faktorar som speler inn for å avgjere kor godt livet blir, og då lønner det seg å bruka kreftene på det ein faktisk kan gjere noko med.
Ingvard Wilhelmsen er professor emeritus ved Universitetet i Bergen og spesialist i indremedisin og psykiatri. Han har i 24 år drevet den anerkjende Hypokonderklinikken i Bergen og har skrive fleire bøker, m.a. “Livet er et usikkert prosjekt”, “Sjef i eget liv”, “Kongen anbefaler” og “Det er ikke mer synd på deg enn andre”.
- Billett: https://checkout.ebillett.no/217/events/55277/purchase/setup
-
Pris:
Ordinær: 540,-
Honnør/Grupper 10+/Student: 486,-