Til toppen

Hamnefest

Det er i hamna det skjer! Kystverket fyller 50 år, og vi inviterer store og små til aktivitetar og feiring. Veit du eigentleg kva som skjer i ei hamn? Denne dagen kan du oppleve og lære meir om hamna, før og no.
Du kan gjere som fiskarane på 1800-talet som rodde gjennom Brosundet i sunnmørsk tradisjonsbåt. I bankskøyta Storeggen kan du klatre i riggen og heise segl som ein førstereis frå tidleg 1900-tal. Under dekk kan du høyre historier frå dei livsviktige fyra langs kysten. Eller, du kan segle optimistjolle med hjelp frå Ålesundseilforening. Lær deg knutar, repslaging og godt sjømannskap.
Hamna i Noregs største fiskeri-og cruisehamn skal vere trygg og rein for folk, fisk og dyr. Bli med om bord i Ålesund havnevesen sin arbeidsbåtSkansen. I den nye aktivitetsløypa vår,går du på oppdagingsferd i hamna.
Når oppdraget er utført er du sjølv blitt “Hamneinspektør”.
Inne i sjøbua, Fiskerimuseet, er det spennande utstillingar, papirverkstad og kafe.
Program:
11:00 Helsing til 50-åringen “Kystverket” og opning av festen, på Molja fyr.
11:00 – 16:00 Robåtar, optimistjolle, klatring i rigg og sjømannskap ved Fiskerimuseet. Aktivitetsløypa “Hamneinspektøren, papirverkstad, utstillingarog kafe på Fiskerimuseet.Arbeidsbåten Skansen, på Brunholmen.
12:00 – 12:20 Fyrforteljingunder dekk, bankskøyta Storeggen
14:00 – 14:20 Fyrforteljing under dekk, bankskøyta Storeggen
Arrangementet har fått støtte frå Kystverket og Ålesund havnevesen
Velkomen!

Dato

31.08.2024
Utløpt!

Tid

11.00 - 16.00

Sted

Fiskerimuseet
Molovegen 10, 6004 Ålesund
Opening Hour
12.00-16.00 lørdag.
Nettsted
https://www.vitimusea.no/musea/fiskerimuseet?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender

Arrangør

Viti
Telefon
70239000
E-post
post@vitimusea.no
Nettsted
Viti

Andre Arrangører

Ålesundregionens Havnevesen
Telefon
70 16 34 00
E-post
post@alesund.havn.no
Nettsted
Ålesundregionens Havnevesen
Kystverket
Telefon
07847
E-post
post@kystverket.no
Nettsted
Kystverket
QR-kode