Forskingsdagane i Ålesund 2023: NTNU-kveld: Nok grøn energi til alle?
I Noreg har me hatt rimeleg og rein energi frå vasskraft i fleire tiår. No aukar energiprisane, og energimangelen i Europa merkast av oss alle.
For å kunne gjennomføre den grøne omstillinga treng me meir fornybar energi enn det som blir produsert.
Kor skal me hente all denne krafta frå?
Kvifor snakkar me ikkje meir om å redusere og effektivisere energiforbruket?
På NTNU Kveld kan du utvide kunnskapen din om dagens energisituasjon og den stadig aukande energietterspurnaden.
Du vil møte forskarar som gir innsikt i korleis dei arbeider for den grøne omstillinga med eksempel frå den maritime industrien.
Du vil også lære om kor viktig energieffektivisering er som ein av nøklane for å løyse energikrisa.
La oss saman utforske moglegheitene, diskutere utfordringane og inspirere kvarandre til å ta konkrete steg mot ei berekraftig og energirik framtid.
Du vil møte desse forskarane:
- Ann Rigmor Nerheim, førsteamanuensis ved Institutt for havromsoperasjonar og byggteknikk ved NTNU i Ålesund, og ansvarleg for bachelorprogrammet i fornybar energi.
- Jan Emblemsvåg, professor ved Institutt for havromsoperasjonar og byggteknikk ved NTNU i Ålesund, med lang erfaring frå industrien og forsking innanfor energi og kjernekraft.
- Vilmar Æsøy, professor ved Institutt for havromsoperasjonar og byggteknikk ved NTNU i Ålesund, med ekspertise innan miljøvennleg skipsmaskineri og lågutsleppsteknologi.
- Harald Lillebø, dagleg leiar i Energiråd AS, med omfattande erfaring innan miljøleiing og energirådgjeving.
Arrangementet er ein del av Forskingsdagane i Ålesund.
- Dører åpner: 18.00
-
Pris:
Gratis