Til toppen

Forskingsdagane i Ålesund 2023: NTNU-kveld: Nok grøn energi til alle?

I Noreg har me hatt rimeleg og rein energi frå vasskraft i fleire tiår. No aukar energiprisane, og energimangelen i Europa merkast av oss alle.

For å kunne gjennomføre den grøne omstillinga treng me meir fornybar energi enn det som blir produsert.

Kor skal me hente all denne krafta frå?

Kvifor snakkar me ikkje meir om å redusere og effektivisere energiforbruket?

På NTNU Kveld kan du utvide kunnskapen din om dagens energisituasjon og den stadig aukande energietterspurnaden.

Du vil møte forskarar som gir innsikt i korleis dei arbeider for den grøne omstillinga med eksempel frå den maritime industrien.

Du vil også lære om kor viktig energieffektivisering er som ein av nøklane for å løyse energikrisa.

La oss saman utforske moglegheitene, diskutere utfordringane og inspirere kvarandre til å ta konkrete steg mot ei berekraftig og energirik framtid.

 

Du vil møte desse forskarane:

  • Ann Rigmor Nerheim, førsteamanuensis ved Institutt for havromsoperasjonar og byggteknikk ved NTNU i Ålesund, og ansvarleg for bachelorprogrammet i fornybar energi.
  • Jan Emblemsvåg, professor ved Institutt for havromsoperasjonar og byggteknikk ved NTNU i Ålesund, med lang erfaring frå industrien og forsking innanfor energi og kjernekraft.
  • Vilmar Æsøy, professor ved Institutt for havromsoperasjonar og byggteknikk ved NTNU i Ålesund, med ekspertise innan miljøvennleg skipsmaskineri og lågutsleppsteknologi.
  • Harald Lillebø, dagleg leiar i Energiråd AS, med omfattande erfaring innan miljøleiing og energirådgjeving.

Arrangementet er ein del av Forskingsdagane i Ålesund.

  • Dører åpner: 18.00
  • Pris:

    Gratis

Dato

26 sep 2023
Utløpt!

Tid

19.15 - 21.00

Sted 2

Parken kulturhus
Parkgata 3B, 6003 Ålesund

Arrangør

NTNU i Ålesund
Telefon
73595000
E-post
postmottak@alesund.ntnu.no
Nettsted
NTNU i Ålesund

Andre Arrangører

Parken kulturhus
Telefon
70162468
E-post
billett@alesund.kommune.no
Nettsted
Parken Kulturhus
QR-kode