Til toppen

Førjulssøndag på Sunnmøre museum

Dypp stearinlys, smak heimelaga julebakst, gløgg og peparkaker. Bak potetkaker, lag julehjarte, julekorger og perlehjarte. Snekre småbåt, slå båtnaglar og prøv smikunsten. Høyr spanande eventyr og mykje meir!

I Åkre bedehus går vi rundt juletreet med song og musikk. Torader i Nordvest fyller Yttarlandstova med lystige tonar og vi får besøk av stjernejenter og stjernegutar frå Steinerskulen – med lys, lykter og vakker song.

Ved kyrkjebudene og i Larsnesbuda  finn du buder med alt frå kremar og oljar til dekorasjonar, honning og saueskinn.

Og innimellom kan du ta ein pust i bakken i stemningsfylte Ytterlandstova med ein kopp kaffi, ei lun svele eller ein nysteikt vaffel. I museumskafeen har vi nydeleg rømmegraut, smakfulle pølser, søte kaker og nysteikte sveler, varm kakao og nykverna kaffi frå Jacu.

Velkomen til ein aktivitetsrik og kjekk førjulssøndag for heile familien!

Dato

08.12.2024
Utløpt!

Tid

12.00 - 16.00

Sted

Sunnmøre museum
Museumsvegen 12, 6015 Ålesund
Opening Hour
12.00-18.00 tirsdag-fredag. 12.00-16.00 lørdag-søndag.
Nettsted
https://www.vitimusea.no/musea/sunnmoere-museum?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender

Arrangør

Viti
Telefon
70239000
E-post
post@vitimusea.no
Nettsted
Viti
QR-kode