Til toppen

Forfattarmøte i Moa bibliotek: Maria Lavik – Odelsskam

Vi inviterer til forfattarmøte med Maria Lavik, aktuell med boka Odelsskam: å gje slepp på ein gard etter femten generasjonar.
Maria Lavik (f. 1984) er forfattar og journalist, oppvaksen i Eksingedalen og busett i Oslo. Lavik har erfaring frå NRK, Klassekampen og Vårt Land.
I boka Odelsskam skildrar odelsjenta Maria Lavik oppveksten på eit småbruk på Vestlandet. Ho veks opp med sauesanking, store avstandar, bokbuss annankvar torsdag og historier om ei livskraftig og motkulturell slekt. Men alt som sekstenåring flyttar ho ut. Burde ho koma tilbake?
Samanvoven med hennar historie er den særnorske, over tusen år gamle odelsretten. Lova som koplar jorda og slekta saman til ein nesten heilag symbiose. Odelsskam er ei nær og rørande historie om tradisjonar og endring.
Arrangementet er eit samarbeid med Litteraturhus i Møre og Romsdal, det er gratis og ope for alle.
  • Pris:

    Gratis og åpent for alle

Dato

31.03.2025
Utløpt!

Tid

18.00 - 19.00

Sted

Moa bibliotek
Langelandsvegen 35, 6010 Ålesund
Opening Hour
10.00-18.00 mandag-torsdag. 10.00-16.00 fredag. 10.00-15.00 lørdag.
Nettsted
https://alesundsbiblioteka.no/biblioteka/moa/?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender

Arrangør

Ålesund bibliotek
Telefon
70162260
E-post
mailto:alesund.bibliotek@alesund.kommune.no
Nettsted
Ålesundsbiblioteka
QR-kode