Til toppen

Fjøreforskar for ein dag – Har du ei forskarspire i magen?

Om turen

Du treng ikkje gå langt for å finne rare og utrulege skapningar. På denne turen tek vår erfarne naturrettleiar små og store forskarspirer med ut for å forske på dei snodige skapningane i fjøra. Vi skal undersøke det som lever i fjøra, og ta vitskapelege prøver for å sjå om vi finn nokre mikroskopiske vesen. Utstyrt med luper, bestemmingsnøklar og eit akvarium går vi til nærområda rundt Runde Miljøsenter for å sjå kva vi kan finne. Kanskje vi finn noko nytt saman, og du får eit innsyn i kva ein ekte forskar jobbar med.

Dette er ein aktivitet som passar utmerka for alle aldrar, og er ein perfekt familieaktivitet. Sida turen er i fjøra tilrår vi godt skotøy, og gode kle som toler å bli brukt.

Praktisk informasjon

Inkludert i opplevinga er

  • Lærerik oppleving med naturrettleiar
  • Utstyr til å ta vitskapelege prøvar i fjøra

Praktisk info

Sida turen går i fjøra tilrår vi gode sko med ankelstøtte. Vestlandet er eit vêrhardt sted, det kan derfor vere lurt å ha med vasstette ytterkle og praktiske varme kle. Vi oppfordrar også å ha med eit tørt skift, både sko og kle.

  • Ei flaske vann
  • Lue og hanskar om det er kaldt
  • Fotokamera

Turen skreddarsyast til grupper ved førespurnad, og kan bli bestilt heile året. Send ein e-post til booking@runde.no eller ring +47 700 80 800 for meir informasjon.

Stikkord: ,

Dato

27.07.2024
Utløpt!

Tid

12.30 - 13.30

Sted

Runde Miljøsenter
Rundavegen 237, 6096 Runde
Opening Hour
11:00-17:00
Nettsted
https://runde.no/?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender

Arrangør

Opplev Runde
Telefon
70080800
E-post
booking@runde.no
Nettsted
Opplev Runde
QR-kode

Leave a Comment