Boklansering: Etterdønningar av Ragnar Ulstein
Velkomen til boklansering av romanen “Etterdønningar” av Ragnar Ulstein i Moa bibliotek.
Ragnar Ulstein gjekk bort i 2019 og etterlet seg romanmanuskript som no kjem ut i bokform på Solum forlag.
Boksal
Musikkinnslag
Alle er velkomne!

Frå baksideteksten:
To generasjonar, frå sein mellomkrigstid til tidleg 80-tal, med to familiar og to kjærleikshistorier i sentrum. To av hovudpersonane var uteseglarar under krigen. Det kom det etterdønningar av.
Med frodige skildringar av miljø og natur i ei fiktiv sunnmørsbygd kjem intrigar i bedehusmiljø, med spenningar som stikk djupt.
Etterdønningar gir innblikk i dramatiske hendingar og korleis dei dramatiske følgene kan bli livstrugande og skylje over fleire i lokalsamfunnet.

Ragnar Ulstein (1920-2019) var Kompani Linge-mann, skreiv deira historie og bindsterke verk om Englandsfarten, om grenselosane, etterretningstenestene og om jødar på flukt. Han skreiv også romanar på 60talet. “Etterdønningar” er ein roman som han skreiv på framtil sin død i 2019.