Til toppen

Ålesund Kulturskole: Sanger fra Hakkebakkeskogen

«SANGER FRA HAKKEBAKKESKOGEN» er ein familiekonsert for «barn i alle aldrar».
Historia om dyra i Hakkebakkeskogen er velkjend for dei fleste, som har vakse opp med Torbjørn Egner og visetekstane hans.
Hovudfigurane i denne forteljinga er dyra som representerer dei ulike mennesketypane. Hakkebakkeskogen kan tolkast som ei menneskeverd i miniatyr.
Lovene i Hakkebakkeskogen, som elles bryt med lovene i naturen, formidlar moralen i historia: at alle skal vera vener og ingen skal eta kvarandre.
Utdrag av denne forteljinga vert presentert i musikalsk drakt gjennom dei yngste elevane i Ålesund kulturskule, 123 klang kora ved Volsdalen-, Lerstad- , Spjelkavik og Blindheim barneskule.
Utover desse barna får me høyra dei nest-yngste elevane i kulturskulen som vil framføre songar i sologrupper.
Det flotte salongorkesteret vårt, med eit knippe utvalde lærarar ved Ålesund kulturskule, bind det heile saman med den velkjende og flotte Egner – musikken.
Lisbet Lislevatn er dirigent for songelevane, Johan Sewerin er kapellmeistar for orkesteret og Grethe Kielland fylgjer publikum gjennom historia.

Dato

24.05.2023
Utløpt!

Tid

18.00 - 19.00

Sted

Parken kulturhus
Parkgata 3B, 6003 Ålesund
Nettsted
https://parkenkulturhus.no/?source=bypatrioten&medium=kalender

Arrangør

Ålesund Kulturskole
Telefon
70163480
E-post
kulturskolen@alesund.kommune.no
Nettsted
Ålesund Kulturskole

Andre Arrangører

Parken kulturhus
Telefon
70162468
E-post
billett@alesund.kommune.no
Nettsted
Parken Kulturhus
QR-kode

Leave a Comment