Ålesund bibliotek legg til i kulturhavna
Onsdag 7. mai legg Ålesund bibliotek til i Kulturhavna!
Vi har fått eit eige minihus, som blir ope kvar onsdag frå 12 til 18 med byttebibliotek, frøbibliotek og planteverkstad. Bibliotek-minihuset vert óg ope når det er andre arrangement i Kulturhavna.
Kulturhavna ligg på sørsida av Ålesund by, ved nedre Strandgate/Keiser Wilhelmsgate, og er eit mellombels sted å leike, oppdage, slappe av og meine som vert forma etter kvart som det vert brukt.
I minihuset til Ålesund bibliotek har vi eit byttebibliotek. Ta med deg ei gratis bok, sett ho tilbake når du har lest ho – eller kom tilbake med ei heilt anna bok!
Frøbiblioteket har også flytta til Kulturhavna. Kvar onsdag har vi planteverkstad, der store og små kan plante eit frø, ta det med heim og sjå det spire.
Velkomen til Biblioteket i Kulturhavna!
-
Pris:
Gratis adgang
