Aktivitetsdag i haustferien på Sunnmøre museum!
AKTIVITETAR:
- Lag ditt eige smykke av ull frå norsk spelsau
- Slepp kreativiteten laus og skap eit fantasidyr med fargerike haustblad
- Hjelp oss å lage eplemost! Eigenpressa eplemos smakar best! Ta gjerne med eple frå eigen hage – om du har.
- Høyr spanande eventyr i utstillinga “Eg var her”
- I utstillinga har også den tøysete poteta gøymt seg – klarer du å finne ho?
- På Steinalderholmen varmar du deg ved bålet, nyt ein kopp kakao og spikkar din eigen kakaopinne
…innimellom, ta ein pust i bakken med noko godt i frå museumskafeen!
Og du – ruskever er inga hindring. Fleire av aktivitetane er innomhus, men kle deg godt så kan du kose deg i det fine tunet også
- Billett: https://booking.duell.no/stiftinga-viti/standard/event/aktivitetsdag-p-sunnm-re-museum-?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender
-
Pris:
Vaksen kr 120
Barn og unge (18 år) kr 30