Vigdis og Line Hjorth | Kul i brystet
Våren 2023 fekk tobarnsmor Line Norman Hjorth påvist brystkreft. Eit drøyt halvår seinare fekk mora – forfattar Vigdis Hjorth – same beskjed. I boka, der forteljinga vekslar mellom mor og dotter, følgjer vi dei gjennom behandlingsforløpet som pasient og som pårørande – to roller som før var ukjende for dei, og som dei handterer på ulikt vis.
Vigdis Hjorth og Line Norman Hjorth tek oss med på ei gripande, ærleg og humoristisk reise gjennom sjukdom, behandling – og flunkande nye pupper!
Samtalen blir leia av Tuva Fellman.
Du møter:
Vigdis Hjorth er ein av Noregs mest anerkjende forfattarar, kjend for romanar som Arv og miljø og Er mor død. Ho skriv eksistensielle romanar om menneske sine vilkår og livsval, med eit skarpt blikk for samtida sine aktuelle tema. Hjorth sine bøker er omsette til ei rekkje språk og har fått mange høgthengande litterære prisar.
Line Norman Hjorth debuterte i 2021 med Troverdighet i rettssalen, etterfølgt av Kristin må vekk – om Kristin Lavransdatter som ung, skrive i samarbeid med Vigdis Hjorth. Kul i brystet. Året vi ble syke er deira andre felles bokprosjekt.
Tuva Fellman er journalist, programleiar, sexolog og kriminolog, kjend frå NRK P3s Juntafil. Ho har leia program som Love IRL (Gullruten-vinnar 2023) og Naked Attraction, samt podkasten Fødselpodden. Tuva er kjend for sitt engasjement for å få unge til å snakke opent om sex, kropp og kjensler, og for si varme og direkte formidling.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Ålesund bibliotek og Brystkreftforeningen Ålesund og omegn.
Støtta av SpareBank 1 SMN.
Gratis og ope for alle!