Gratis soppkontroll
Kvar søndag i tida 17. august – 5. oktober kl. 15-17 ved hovudbygget til Sunnmøre museum.
Sertifiserte soppkontrollørar går gjennom korga di – sopp for sopp. Målet er at du tar med god og trygg sopp heim, og at du blir inspirert til å ta deg ein ny tur i soppskogen.
Du får også råd om konservering og matlaging. I tillegg kan du sjå sopputstilling med aktuell mat- og giftsopp på Sunnmøre.
Tilbodet er eit samarbeid mellom Sunnmøre sopp- og nyttevekstforening og Sunnmøre museum.
-
Pris:
Gratis